Kunderådgjevar finansiering, Sogndal
Innovasjon Norge
- Frist 10.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Bli en viktig finansiell sparringspartner for bedrifter i Vestland
Vår kollega har fått nye moglegheiter internt – er du den som skal overta stafettpinnen?
I rolla som kunderådgjevar innan finansiering vil dine primære arbeidsoppgåver vere å vurdere søknader om finansiell støtte og våre tenestetilbod til bedrifter frå tidleg fase til vekst- og internasjonaliseringsfase.
Ønsket arbeidssted er Sogndal.
Oppgåvene dine vil vere å:
- behandle komplekse lånefinansieringssaker som vekstlån, innovasjonslån og grøne lån
- analysere økonomiske behov
- behandle tilskots- og lånesøknader
- følgje opp interne og eksterne kundar
- rapportere på framdrift og resultat
Du vil bli ein viktig sparringspartnar for kundane våre og hjelpe dei med å optimalisere si utvikling mot ein lønsam og grøn forretningsmodell. Evna til å byggje relasjonar, tilpasse kommunikasjonen og formidle komplekse finansielle konsept på ein lettfatteleg måte er essensielle eigenskapar.
Saman med våre internasjonaliseringsrådgjevarar vil du bistå kundar som har ambisjonar om å nå ut i nye eksportmarknader, og du vil samarbeide tett med interne avdelingar for å sikre smidig prosesshandtering. Her er det viktig med sterke analytiske ferdigheiter, blant anna for å forstå kjernen i til dels komplekse saksforhold.
Du har brei kompetanse med finansiering, rådgjeving innan forretningsutvikling, revisjon, og/eller frå vekstbedrifter. Det er ein fordel med god kjennskap til det norske innovasjons- og vekstøkosystemet, samt til globale trendar og moglegheiter. Det vil vere ein fordel med teknologisk forståing.
Du er nysgjerrig og opptatt av å setje deg inn i kundens marknad, for å kunne vere ein så god rådgjevar som mogleg. Det er viktig med høg gjennomføringsevne og at du trivst i roller med stor autonomi.
Til slutt: kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i Innovasjon Norges samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er satt av til kompetanseutvikling. I tillegg har vi ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg.
Kontaktperson for stillinga er avdelingsleiar Eirik Brekke, tlf. 917 98 452.
Søknadsfrist: 10. november
Innovasjon Norge ønskjer medarbeidarar med forskjellige kompetansar, perspektiv, alder, kjønn og livserfaringar. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere. Vi oppmodar spesielt personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søkje. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i søknaden.
Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristens utløp, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeven oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få moglegheit til å trekkje søknaden.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6856 Sogndal
- Flere arbeidssteder: 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Økonomi og regnskap, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
innovasjon, finansiering, økonomisk rådgivning, bank, saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 376703107
- Sist endret