Prosjektleiar / avdelingsleiar regionalnett
Sygnir
- Frist 12.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Bli med på faglege utfordringar i regionalnettet!
Ønskjer du å vere med på store, framtidsretta satsingar i eit sosialt og engasjerande arbeidsmiljø? Då kan Sygnir vere arbeidsplassen for deg! Her finn du eit kompetent team av prosjektleiarar og ingeniørar, og du får moglegheita til å utvikle deg både fagleg og som leiar.
I Sygnir jobbar me med det grøne skiftet i praksis. Me har i oppdrag å drifta og modernisera det brattaste straumnettet i Noreg. No ønskjer me å styrke avdelinga for utbygging av regionalnett, og ser etter ein dyktig prosjektleiar eller avdelingsleiar. Dei neste åra skal Sygnir gjennomføre store investeringar som vil bidra til utviklinga av energiløysingar for framtida.
Som prosjektleiar i Sygnir vil du få varierte og spennande arbeidsoppgåver, frå å leie prosjekt på eit overordna nivå til å utføre tekniske berekningar og analysar. Du får ansvar for å leie prosessar og menneske, og får høve til å byggje sterke relasjonar og dele kunnskap med dyktige kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar. I denne rolla vil du leia prosjekt frå oppstart til leveranse, derfor er det viktig å vere løysingsorientert og proaktiv. Du vil kunne påverke den langsiktige nettstrategien for regionen, og vere med å forme korleis nettet skal sjå ut om 10–20 år. Som prosjektleiar sikrar du leveransar av høg kvalitet og er med på å utvikle innovative løysingar som driv oss framover i det grøne skiftet.
Som avdelingsleiar vil du ta del i det strategiske arbeidet i selskapet. Du vil bidra til å utvikle langtidsplanar for investeringar og delta i planarbeid som omfattar utgreiingar og vurderingar av konsept- og systemval. I tillegg vil du ha ansvar for å leie og vidareutvikle eit team av dyktige prosjektleiarar, samt sikre at ressursar og kapasitet vert godt planlagde og nytta.
Kvalifikasjonar
- Master eller bachelor innan elkraft eller energi og miljø
- Erfaring frå prosjekt innan fornybar energi eller infrastruktur
- Strategisk tankegang og evne til å drive prosjekt framover
- Gode kommunikasjonsevner på norsk munnleg og skriftleg
Sygnir er eit selskap i energikonsernet Sognekraft, som skal vere ei drivkraft i Sogn. Her møtes natur og teknologi. Me har eit straumnett som er like langt som frå Sogn til Madrid med 14 000 nettkundar. Arbeidsplass vil vera på ein av våre lokasjonar i Sogndal, Aurland, Lærdal, Balestrand og Vik i Sogn.
Interessert? Ta kontakt med seksjonsleiar for nettutvikling Helge Morten Vangen på tlf. 951 72 599 for meir informasjon.
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
Om arbeidsgiveren
Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse? Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 160 ihuga medarbeidarar. Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift. Me i Sygnir er 80 medarbeidarar i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland som har tru på ei framtid som etterspør rein energi. Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Dalavegen 25, 6856 Sogndal
- Flere arbeidssteder: Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn, GRANDAVEGEN 4, 6887 Lærdal, Sjøtunvegen 6, 6899 Balestrand, Låvi 1, 5745 Aurland
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Ledelse, Prosjektledelse
Nøkkelord
prosjektleder, ledelse, kraft, energi, elkraft
Prosjektleiar følgjer opp prosjekt (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 376869508
- Sist endret