Kommunikasjonssjef
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Frist 10.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du ein dyktig kommunikator med hjarte for å formidle klart og engasjerande?
Vår dyktige kommunikasjonssjef har fått ny jobb, og vi søkjer no hans etterfølgjar.
Kommunikasjonssjefen leiar kommunikasjonsarbeidet vårt og skal sikre at våre buskapa våre når ut på ein effektiv og tydeleg måte. KUD er eit relativt lite departement prega av mykje offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Som kommunikasjonssjef vil du få ansvaret for å leie og utvikle kommunikasjonseininga som støttespelar for politisk leiing og embetsverket i departementet, både i det daglege og strategisk langsiktige arbeidet. Kommunikasjonssjefen er ein del av den administrative toppleiinga i departementet, og vil også ha eit medansvar for å styre, drive og utvikle departementet som profesjonelt forvaltningsorgan og støtteapparat for den politiske leiinga.
Kommunikasjonssjefen har personalleiaransvar for seks personar. Kvardagen i eininga er prega av høgt tempo og svært varierte oppgåver, som til dømes kontakt med media, publikum og med sektoren, samarbeid med og bistand til politisk leiing og fagavdelingane i departementet, planlegging og gjennomføring av pressekonferansar og innsal. Eininga har ein vaktordning.
Noko reiseverksemd ligg òg til stillinga.
Kvalifikasjonar
Du har relevant utdanning, med fullført grad på masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanningsnivået. Det er ønskjeleg med leiarerfaring og solid kommunikasjonsfagleg erfaring. Kunnskap om og erfaring frå fagområda til departementet er ein fordel.
Du må ha god forvaltningskompetanse og vurderingsevne. Du må forstå politiske prosessar og ha svært god forståing av rolla som kommunikasjonssjef i eit departement.
Som kommunikasjonssjef hos oss må du ha evne til å tenkje overordna, planmessig og strategisk. Du har eit godt humør og evna til å motivere medarbeidarane dine. Du må vidare ha evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt. Du må kunne uttrykkje deg godt både munnleg og skriftleg. Det er viktig for oss at du kan omskrive fagleg terminologi til klart norsk, og ha evne til å formidle informasjon på ein lettfatteleg og engasjerande måte.
Vi vil leggje vekt på personleg eignaheit til stillinga og di motivasjon for arbeidsområda.
Den som blir tilsett i stillinga må kunne klarerast for tilgang til informasjon gradert HEMMELIG etter sikkerhetsloven. Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga. Arbeidsavtalen vil innehalde ein klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten.
Vi tilbyr
Kultur - og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.
Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.
Du vil bli innplassert som kommunikasjonsjef i stillingskode 1535. Løn etter avtale.
Som leiar hos oss får du ansvar for spennande og fagleg utfordrande arbeids- og leiaroppgåver, og du får ei aktiv rolle i å leie og utvikle eininga. Du må vere fleksibel og kunne bidra i nye/endra oppgåver.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
KUD har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten. (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten)
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du ha meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med personalsjef Helle Campbell på tlf 22 24 78 98, eller Randi Flugstad, partner i Amrop på tlf tlf 90 58 41 38.
Om kommunikasjonseininga
Kommunikasjonseininga har ansvar for at dei politiske sakene og vedtaka i departementet blir kjende for befolkninga. Eininga samarbeider med fagavdelingane og bistår statsråden og politisk leiing i mediesaker. Dette inneber m.a. kontakt med media, pressemeldingar, pressekonferansar, innlegg, talar, regjeringa.no, sosiale media m.m. Kommunikasjonssjefen leier arbeidet i eininga.
Om arbeidsgiveren
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, og og likestilling og diskriminering. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringen.no.- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Grubbegata 1, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Journalist, Ledelse, PR og informasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 377277163
- Sist endret