Stikningsingeniør
Sartor & Drange AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Stikningsingeniør
For å styrke vår avdeling for stikning og landmåling søker vi:
Stikningsingeniør
Stillinga inngår i avdeling som pt utgjer 7 tilsette. Vi har i seinare år investert mykje i både fysisk utstyr og programvare til mellom anna droneflyging, scanning, 3D modellering, prosjektering etc.
Hovudoppgåver vil normalt vere:
· Grunnlagsmåling og berekning
· Anleggsstikning for grunn- og betong
· Masseberekning, kontraktsavrekning og målebrev
· Kvalitetskontroll og dokumentasjon as-built/ FDV
· Deltaking i utføringsfasen som fagleg støtte for prosjekta.
Vi kan tilby:
· Du vil inngå i eit sterkt og allsidig fagmiljø med brei kompetanse innan dei ulike spekter av landmåling.
· Utfordrande arbeidsoppgåver der du får vere involvert frå forarbeid, produksjon og til avslutning.
· Ein variert kvardag med ulike prosjektformer.
· Godt grunnlag for vidare fagleg utvikling
· Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.
Vår forventning er at du:
· Har relevant fagutdanning og erfaring frå fagområdet
· Kjennskap til NS-3420 og SVV prosesskodar
· Beherskar og har interesse for relevante IT verktøy
· God skriftleg og munnleg framstillingsevne
· Er strukturert og løysingsorientert
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Arild Bøthun på 41 51 11 04 eller stikningsleiar Kay Lokøy 94 00 18 44. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande.
Om arbeidsgiveren
Sartor & Drange AS har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er Bergensregionen. Vi er ca 210 tilsette i selskapet og har ein årleg omsetning på ca 1 milliard. Selskapet inngår i Eleda Group som er eit nordisk entreprenørkonsern med totalt 3500 tilsette og ca 18 mrd i omsetning. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Kontorstad vert i moderne lokaler med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune eller på anleggskontor i Bergensregionen.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Idrettsvegen 156, 5343 Straume
- Bransje: Bygg og anlegg, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Geomatikk, Oppmåling og kartlegging, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ingeniør, landmåler, stikning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 377952442
- Sist endret