Politiinspektør/ driftseiningsleiar
Sør-Vest politidistrikt
- Frist 12.11.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Politiinspektør/driftseiningsleiar Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord
Det er ledig vikariat som politiinspektør og leiar for geografisk driftsenhet Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord. Stillinga er plassert i Sauda. Vikariatet er ledig frå 01.01.2025.
Arbeidsoppgåver
Leiaren har ansvar for gjennomføring av polititenesta innan eininga sitt geografiske område. Leiaren har fagansvar og alminnelig drifts-, mål- og resultatansvar for funksjonen, mellom anna:
- Setje mål, risikovurdere, prioritere oppgåver og skape resultat i tråd med etaten sine mål og planar
- Rekruttera og coache leiarar
- Premissleverandør for å utvikle god leiing og kultur i verksemda
- Stadig forbetring og samarbeid på tvers av einingane
Kvalifikasjonar
Nødvendige:
- Politiskule/Politihøgskule eller anna relevant utdanning på minimum bachelornivå
- Minimum 3 års relevant leiarerfaring med personalansvar. Leiarutdanning med minimum 30 studiepoeng kan kompensere for manglande leiarerfaring
- God forståing for kriminalitetsførebygging, etterretning, operativt politiarbeid, etterforsking og eit heilskapleg arbeid i straffesakskjeda
- Kunnskap om helse, miljø og tryggleik
- Gode resultat i tidlegare stillingar
- Gode språkkunnskapar munnleg og skriftleg i norsk og engelsk
- Må Kunne klarerast for HEMMELEG, jf. sikkerheitslova
Ønskeleg:
- Erfaring frå å leia endrings- og utviklingsprosessar
- Brei politifagleg erfaring, mellom anna innføre førebygging, etterforsking, etterretning og operativt politiarbeid
- God kunnskap om politietaten si rolle, oppgåver og organisasjon
Personlege eigenskapar
- Evne til å analysera, risikovurdera, planleggje, organisere og styre
- Evne til å setja retning og driva endring
- Evne til å motivera, støtta og utvikla leiarar/medarbeidarar (byggje relasjonar)
- Evne til heilskapsorientering og heilskapshandling
- Evne til å presentere komplekse problemstillingar enkelt
Vi søkjer deg som blir motivert av å vidareutvikle norsk politi til eit kompetent og effektivt nærpoliti. Arbeidsområdet skal utførast i tråd med samfunnsutviklinga og med bruk av moderne verkty og arbeidsmetodar. Som leiar i politiet skal nå resultat på alle arbeidsområde, i dagleg drift og i kriser. Vi ser etter seg som kan sette retning, skape oppslutning om mål og gjennomfører nødvendige endringar.
Politiet er ein open og inkluderande etat. Vi skal spegle utviklinga i samfunnet og ønskjer mangfald mellom leiarane våre. Vi har ein målsetjing om kjønnsbalanse i leiarstillingar og oppmodar kvinner til å søkje.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forma politiet i framtida
- Stillinga blir lønna i SKO 0290 politiinspektør, frå kr. 1.078.600,- brutto pr. år.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar(sjå http://www.spk.no/ for meir informasjon)
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet.
Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved ev. tilsetjing, jf.Politilova § 18 og politiregisterlova §41.
Inkludering og mangfald er ein styrkje. Vi treng difor medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for åbidra til at vi kan løyse oppgåvene betre. Dersom det er mogeleg vil vi legge til rette formedarbeidarar som har treng det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV- en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar avdesse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane fylle visse krav.
Vi vil oppmode søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal
dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV – en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinganei rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som allestatlege verksemder meld frå i sine årsrapportar.
Les meir på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om
søkjaren har ønske om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønsket ikkjeblir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Om arbeidsgiveren
Sør- Vest politidistrikt har omlag 520.000 innbyggjarar busett i 29 kommunar. 23 av kommunane ligg i Rogaland, mens 5 kommunar er i Vestland og 1 i Agder fylke. Politidistriktet strekk seg frå Moi og Lund kommune i Sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunane Suldal og Sirdal i aust. Sør-Vest politidistrikt er eit mangfaldig distrikt med byar, bygder og tettstader i alle storleikar. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt saman med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet er prega av svært variert natur som gir gode moglegheiter for rekreasjon, både ved fjord og fjell. Distriktet har eit rikt kulturliv.
Politidistriktet har omlag 1.200 tilsette og har i tillegg til dei ordinære politioppgåvene, eit særskilt ansvar for politioppgåver knytt til kontinentalsokkelen og behandling av sjøfartssaker. Politimeisteren er i tillegg leiar for Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.
Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.
Hovudmålsettinga for distriktet er å møta publikum sitt behov for tryggleik, lov og orden.
Sauda og Suldal har administrasjonsstad og tenesteeining i Sauda kommune og tenestestad i Suldal kommune. Politistasjonsdistriktet dekkjer Sauda kommune med omlag 4.500 innbyggjarar og Suldal kommune med omlag 3.800 innbyggjarar.
Etne og Vindafjord politistasjonsdistrikt har tenesteeining i Ølen i Vindafjord kommune. Politistasjonsdistriktet dekkjer Vindafjord kommune med omlag 8.800 innbyggjarar og Etne kommune med omlag 4.000 innbyggjarar.
Sauda og Suldal er ein del av indre Ryfylke, Etne og Vindafjord ein del av indre Haugalandet og kan by på flott natur, jakt og fiske og eit aktivt næringsliv. Det går direktebåt til Stavanger og Bergen, og er eit godt busstilbod til Haugesund. Kommunane har eit godt og bredt tenestetilbod til innbyggjarane.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kyrkjegata 2, 4200 Sauda
- Bransje: Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Politi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Driftseiningsleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 377957833
- Sist endret