Matvert Spisestua 15%
Helse Bergen
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Matvert Spisestua. 15% fast stilling
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar.
Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 20 spisestuer, 10 spisestuer i sentralblokka, 1 i Parkbygget, 5 i Glasblokkene, 1 på Nordås, 2 i Sandviken.
Matforsyninga vil ha ansvaret for matservering til pasieten. Til dette treng vi flinke og framoverlente Matvertar og har ledig følgande stillingar:
* 15% faste stillingar, turnus dag/kveld og fast arbeid pt kvar 3 helg
Vi søker engasjerte og dyktige medarbeidarar. Matvert må pårekne å arbeida i alle matstovene våre. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med matomsorg til pasientar
- Bestilling, tillaging og servering av måltid
- Reinhald, oppvask og rydding
Kvalifikasjonar
Gode kommunikasjonsevner: Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Erfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev kokk blir føretrekt)
Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging
Gode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare
Matfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæring
Personlege eigenskapar
- Fagleg interesse og engasjement
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Strukturert og nøyaktig
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Restaurant, mat og uteliv, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider, Kokk, Mat og servering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kokk, matvert, spisestue, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 377974857
- Sist endret