Ledig stilling som seksjonsleiar ved seksjon for MR, Radiologisk avdeling
Helse Bergen
- Frist 17.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling som seksjonsleiar ved seksjon for MR, Radiologisk avdeling
Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling med om lag 350 tilsette. Avdelinga er fulldigitalisert og nyttar SECTRA PACS og RIS. Avdelinga er inndelt i fleire seksjonar med eiga leiing. Radiologisk avdeling har ein moderne utstyrspark og utfører dei fleste undersøkingar.
MR seksjonen har om lag 35 tilsette, hovudsakleg radiografar, men også merkantilt tilsette. Vi er stasjonert i Sentralblokka, med maskiner plassert i fleire etasjar. MR seksjonen driftar 6 MR maskiner kor av 3 maskiner er 3T og 3 maskiner er 1,5T. Maskin leverandør er GE (2 stk) og Siemens (4 stk).
Frå 2025 av har vi også drift i det nybygga Protonsenteret i Haukelandsbakken, i tett samarbeid med Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk. MR-seksjonen har i hovudsak inneliggande pasientar og pasientar frå intern poliklinikk. Vi utfører også mykje spennande forsking i samarbeid med andre.
Om stillinga:
Vi leitar etter deg som er positiv og har engasjement og lyst til å delta i å vidareutvikle seksjonen. Som leiar ved Seksjon for MR sit du i Radiologisk avdeling si leiargruppe, og du har ansvar for tverrfagleg samhandling med radiologar og personell ved andre avdelingar i sjukehuset.
Vi er ein seksjon med høg fagleg kompetanse og ein avdeling med ei visjonær leiargruppe som tilbyr ein spennande og lærerik arbeidsplass.
Ønskeleg oppstart 1. januar eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Administrative oppgåver
- Personal- og budsjettansvar
- Fagleg ansvar for MR verksemd for radiografgruppa
- Sørge for realkompetanse i radiografgruppa
- Legge forholda til rette for effektiv drift ved seksjonen og iverksetting av formålstenleg bemanning og turnus
- Ansvar for endringsleiing og for å rigge seksjonen for framtidige utfordringar
- Sørge for godt fagleg samarbeid med alle samarbeidspartnarar, både innad i Radiologisk avdeling, og utad med andre avdelingar i sjukehuset, samt med einingar som driv forsking i seksjonen
Du må
- Ha helsefagleg bakgrunn, minimum bachelornivå
- Meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Ha erfaring med tverrfagleg teamarbeid
- Relevant leiarutdanning og erfaring med endringsleiing vil telje positivt
Vi ser for oss at du
- Er målretta og positiv, og får oppgåvene gjort
- Er sjølvstendig og trygg i arbeidet
- Er initiativrik og løysingsorientert
- Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Har evne til å skape tillit og gode relasjonar
- Har god fagleg vurderingsevne og er strukturert
- Behandlar pasientar og medarbeidarar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø på seksjonen og i leiargruppa
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass med varierte oppgåver
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
seksjonsleder, Radiologisk avdeling, MR-seksjon, seksjonsleiar, radiograf
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378091538
- Sist endret