Elektroingeniør - 100% fast
Alver kommune
- Frist 13.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med det spennande vegfaget i Alver kommune?
Bli med på laget for å skape trygge og berekraftige løysingar for framtida!
Alver kommune vil om kort tid overta ansvaret for veglys på kommunale vegar og vi ser etter ein sjølvstendig, engasjert og dyktig elektroingeniør som vil få hovudansvaret for veglysa i kommunen.
Du vil jobbe i team med andre på vegavdelinga, og til tider bidra med veg-oppgåver utover veglysa. Vi ønskjer deg som liker å utvikle system, jobbar sjølvstendig, tar initiativ og er engasjert.
Vi kan sikre varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der ingen dagar er like. Du vil jobbe med alt frå langsiktige planar til heilt konkrete spørsmål. Sjølv om du liker å jobbe sjølvstendig, har du gode samarbeidsevner og kommuniserer godt både internt og eksternt.
Alver er ein kommune med mykje flott natur, gode lokalsamfunn og er ein kommune i stor utvikling. I Alver kan du bu både landleg eller meir urbant, og kanskje kan denne stillinga sikre deg kortare veg til jobben utan lange bilkøar?
Foran oss ligg mange spennande oppgåver for å sikre at alle innbyggarane våre har trygge og trafikksikre vegløysingar. Velfungerande veglys med berekraftige løysingar er ein viktig del av dette.
Om tenesteområdet Eigedomsforvaltning
Avdeling for Samferdsle, veg, vatn og avløp er ei av fire avdelingar under tenesteområde Eigedomsforvaltning. Avdelinga har ansvar for forvaltning av all kommunal infrastruktur. Innanfor vatn og avløp har kommunen eit langstrakt leidningsnett. Nye krav og forskrifter gjer at kommunen stadig må vidareutvikle eksisterande infrastruktur, samtidig som noko av dagens leidningsnett er gammalt og krev utbetring. Gjennomgåande tema for avdelinga er
større vedlikehald, mindre investeringsprosjekt og langsiktige planar for vatn og avløp.
Dei andre avdelingane på tenesteområdet er bygg, areal og grønt, investeringsprosjekt, og bustadkontoret. Saman byggjar vi opp og forvaltar alle eigedommane til kommunen
Vi sitt i moderne kontor på Frekhaug kommunehus. Her er det gangavstand til bussterminal og hurtigbåt til Bergen. Her sitt vi samla med andre tekniske fag og planfag. Saman skapar vi eit sterkt fagmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Du vil vere med å bygge opp eit system for å ivareta veglysa
- Du vil ha hovudansvaret for å forvalte veglysa, mellom anna ved å skaffe oversikt over tilstand og behov for oppgradering
- Du vil jobbe for miljøvennlege og berekraftige løysingar som sikrar effektiv drift
- Du vil vurdere lønnsemd opp mot investeringar
- Vidare vil du ha kontakt med innbyggarar og utbyggarar
For å lykkast i denne rolla ser vi for oss at du har
- Master- eller bachelorgrad innan elektro, lys- og energiteknikk eller tilsvarande. Anna relevant bakgrunn kan og vurderast
- Kunnskap om gjeldande lover og forskrifter
- Evne til å samarbeide og kommunisere godt med kollegaer og innbyggjarar - ein god lagspelar
- Evne til å vere sjølvgåande og er effektiv - tar initiativ og kan drive saker framover
- Førarkort klasse B
Vi søkjer deg som
- Har erfaring med offentleg forvaltning
- Har erfaring innan kommunal infrastruktur
- Har kjennskap til regelverk og formelle krav innan fagområdet
- Er sjølvgåande og effektiv - tek initiativ og kan drive saker framover
- Er engasjert og har godt humør
- Trivst med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer
- Er serviceinnstilt og kan ha ein god dialog med utbyggjarar og innbyggjarar
- Du meistrer bruk av dataverktøy
- Du meistrer norsk munnleg og skriftleg
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Kva kan vi tilby deg?
- Meiningsfulle oppgåver som gjer ein forskjell for lokalsamfunnet
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Eit inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidstider og lønn etter avtale
- Hovudtariffavtale med gode ordningar for blant annet pensjon gjennom KLP, sjukepenger og foreldrepermisjon
- Heimekontor etter avtale
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Elektroingeniør, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378144329
- Sist endret