Integrasjonsarkitekt
Helse Vest IKT
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i det største integrasjonsmiljøet på Vestlandet?
Har du teke i bruk dei digitale tenestene på helsenorge.no? Har fastlegen din sendt tilvising eller tatt i mot prøvesvar digitalt frå sjukehuset? Eller kanskje du har sjekka inn digitalt og betalt med VIPPS på sjukehuset? Då har du sett resultatet av nokre av dei mange integrasjonsløysingane vi har ansvar for!
Bli med i eit høgt kompetent fagmiljø!
Integrasjonssenteret med sine 39 dyktige tilsette utgjer eit av dei største og mest unike integrasjonsmiljøa i Noreg. Målet vårt er at informasjonsflyt mellom fagsystem i sjukehusa og dei ulike samhandlingspartane i sektoren fungerer optimalt. I hjartet av denne flyten ligg gode integrasjonsløysingar og ein framtidsretta integrasjonsplattform. Tilgang til kritiske og sensitive helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv, måte, har aldri vore viktigare. Kvar dag blir mange millionar meldingar og spørjingar sende og mottekne i samband med pasientforlaup. Kvar enkelt av desse kan vere forskjellen på liv og død.
Vi jobbar tett saman, med stor takhøgde, ein god porsjon humor og ei imponerande fagleg breidde.
Om stillinga
Du vil inngå i eit team med 13 arkitektar og utviklarar. Saman vil de ha direkte innverknad på korleis lokale, regionale og nasjonale løysingar blir realiserte. Som Integrasjonsarkitekt skal du sørgje for at løysingane har god kvalitet. Samstundes skal dei tole den raske teknologiutviklinga og ta i vare ein heilskapleg arkitektur. Du vil ha ei breikontaktflate med mange interessentar, til dømes leiarar og helsepersonell,arkitektar, systemforvaltarar og teknisk personell hos leverandørar.
Arbeidsoppgåver
- Forvalte integrasjonsarkitekturen til Helse Vest
- Vere rådgjevar for både klinisk og teknisk personell
- Utarbeide kravspesifikasjonar for integrasjonsløysingar
- Bidra i utvikling av den regionale integrasjonsplattformen
Kvalifikasjonar
- Vi ser etter deg som har høgare relevant utdanning, fortrinnsvis teknisk
- Relevant erfaring over lengre tid kan kompensere for manglande høgare utdanning
I tillegg bør du oppfylle minst to av kvalifikasjonskrava under:
- Erfaring frå arkitekturarbeid og prosjektarbeid i større organisasjonar
- Erfaring med å utarbeide kravspesifikasjonar
- Kunnskap om eller kjennskap til standardar innan autentisering og autorisasjon (til dømes eIDAS Høy, FIDO2, OAuth 2.0 og HelseID)
- Kunnskap om eller kjennskap til integrasjonsteknologi og standardar (til dømes XML, REST, Azure Integration Services og HL7 FHIR)
- Kunnskap om modelleringsspråk (Archimate, UML, eller liknande)
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg sjølv att i følgjande kvalitetar:
- Nysgjerrig på ny teknologi og tileignar deg raskt ny kunnskap
- Er lyttande, analytisk og strukturert
- Har gode relasjonelle eigenskapar og er ein lagspelar
- Er oppteken av kvalitet og robuste løysingar
- Snakkar godt med alle typar menneske, uavhengig av stilling eller rolle
- Har god evne til å formulere deg både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
- Eit engasjerande, uformelt og sosialt arbeidsmiljø der tilsette trivst og blir verande
- Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet
- Gode høve til fagleg utvikling blant dyktige og motiverte kollegaer
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
Vi elskar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønskjer seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: ØVREGATA 126, 5527 Haugesund, Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Systemarkitekt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Systemarkitekt, Utvikler, Løsningsarkitektur, Backend, Integrasjoner
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378244774
- Sist endret