Teamleiar Integrasjonsteam
Helse Vest IKT
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Teamleiar Integrasjon
Har du teke i bruk dei digitale tenestene på helsenorge.no? Har fastlegen din sendt tilvising eller teke i mot prøvesvar digitalt frå sjukehuset? Eller kanskje har du sjekka inn digitalt og betalt med VIPPS på sjukehuset? Då har du sett resultatet av nokre av dei mange integrasjonsløysingane vi har ansvar for!
Bli med i eit høgt kompetent fagmiljø!
Integrasjonssenteret med sine 39 dyktige tilsette utgjer eit av dei største og mest unike integrasjonsmiljøa i Noreg. Målet vårt er at informasjonsflyt mellom fagsystem i sjukehusa og dei ulike samhandlingspartane i sektoren fungerer optimalt. I hjartet av denne flyten ligg gode integrasjonsløysingar og ein framtidsretta integrasjonsplattform. Tilgang til kritiske og sensitive helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv måte, har aldri vore viktigare. Kvar dag blir mange millionar meldingar og spørjingar sende og mottekne i samband med pasientforlaup. Kvar enkelt av desse kan vere forskjellen på liv og død.
Vi jobbar tett saman, med stor takhøgde, ein god porsjon humor og ei imponerande fagleg breidde.
Vi søker to dyktige teamleiarar!
Utvikling og forbetring av integrasjonsløysingar blir drive av tverrfaglege integrasjonsteam, som samarbeider tett med alle interessentar og bidragsytarar. Teama består av prosjektleiarar, arkitektar, utviklarar, testleiarar og plattformforvaltarar. Vi søkjer no etter teamleiarar for to av våre integrasjonsteam:
Team Administrative støtteprosessar
Teamet har ansvaret for integrasjonsløysingar til administrative støtteprosessar innan lager, forsyning, økonomi og sjukehusdrift.
Sentrale system og tenester her er SAP og Omega365.
Team Kliniske støtteprosessar
Teamet har ansvaret for integrasjonsløysingar til støtte for kliniske einingar på sjukehusa og digitale helsetenester.
Sentrale system og tenester her er Imatis, DIPS og Helsenorge.
Teamleiaren si viktigaste oppgåve er å legge til rette for ein god teamkultur. I det ligg å fremje eit miljø der teammedlemane støttar, utviklar og lærer av kvarandre, og sørge for tydeleg og open kommunikasjon, slik at teamet kan jobbe effektivt mot felles mål.
Teamleiar fungerer i tillegg som eit kontaktpunkt mot nøkkelpersonar i forretningsområda, bidreg til å skape gode samarbeidsarenaer og sikrar ei god oversikt over teamet sine leveransar. Dette inkluderer å planlegge og styre oppgåver på ein måte som gir forutsigbar arbeidsflyt og balansert arbeidsbelastning for alle.
Høyrest dette ut som deg? Søk no!
Du kjem til å jobbe med:
Teamleiing:
- Legge til rette for ein god teamkultur
- Estimere, planlegge og fordele arbeidsoppgåver blant teammedlemane, sette mål og tidsfristar, og sørge for ei god kapasitetsstyring som reduserer kognitiv last
Samarbeid og kommunikasjon:
- Vere eit kontaktpunkt og bindeledd inn mot teamet for resten av organisasjonen
- Sørge for gode samarbeidsarenaer med andre team og interessentar
- Dialog med andre teamleiarar og samarbeid om ressursar som jobbar på tvers av fleire team
Utvikling og forbetring av integrasjonsløysingar:
- Koordinere teamet sine aktivitetar og leveransar i samarbeid med prosjektleiarar
- Bidra til tydeleg ansvarsoppgang mellom teamet og alle involverte partar, inkl. system- og tenesteleverandørar
- Rapportere til behovseigar og bidra til felles forståing av føresetnader, avhengigheiter og utfordringar
- Følgje opp prioriteringsavklaringar med behovseigarar på vegne av teamet
Du har følgjende kvalifikasjonar
Leiarskap og samarbeid:
- Du set tydelege mål og fokus for teamet, og sørger for god kommunikasjon både innad i teamet og med dei teamet samarbeider med
- Du trivst med ei brei kontaktflate ut mot teamet sine interessantar, på tvers av forskjellig tilhøyrsle i organisasjonen og fagleg bakgrunn
- Du må vere oppteken av folk, like å følgje opp det enkelte teammedlem, sikre at dei har det bra og at dei får brukt kompetansen sin saman med resten av teamet
- Du forstår verdien av god kvalitet i alle typar dokumentasjon
Formelle ferdigheiter og erfaring:
- Høgare utdanning innan IT
- Erfaring med tilsvarande roller innan utvikling
- Føremon om du har erfaring som prosjektleiar
- Gode ferdigheiter i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
- Relevant praksis/erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og spesielt oppteken av å skape god dialog med behovseigarar og interessentar
- Gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert
- Evne til å inspirere og få med deg andre
- Oppteken av kvalitet
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
- Eit engasjerande, uformelt og sosialt arbeidsmiljø der tilsette trivst og blir.
- Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
- Gode høve til fagleg utvikling blant dyktige og motiverte kollegaer.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi elskar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønskjer seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Produktledelse, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Utviklerteam, Teamledelse, Integrasjoner, Tverrfaglig, Utvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378245147
- Sist endret