Vegvaktar
Vestland fylkeskommune
- Frist 17.11.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å trygge Vestlandet sine fylkesvegar?
Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Er dette noko du har lyst å vere med på? Då ber vi deg lese vidare!
Seksjonen Vedlikehald, drift og beredskap (VDB) har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane og å planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar. Seksjonen har eit beredskapsansvar med vaktordning der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller flaum.
Seksjonen drift nord er no på jakt etter 1 vegvaktar i eit 15 mnd vikariat i Nordfjord. Arbeidsstad for stillinga er Nordfjordeid, men vi legg opp til at vegvaktar startar jobbdagen frå heimstaden. Oppstart 02.01.2025 eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver som vegvaktar
- Inspeksjon av alle objekt på vegnettet.
- Registrering av behov.
- Registrering og utbetring av avvik.
- Registrering og utbetring av skadesaker.
- Følgje opp tilleggsarbeid og arbeid etter hendingar.
- Ansvar for utføring av mindre kontraktsarbeid.
- Delta i vaktordning på kontrakt.
- Utføre driftsoppgåver i kontraktsområde 4610 Nordfjord.
Kven er du og dine kvalifikasjonar?
Vi ønsker oss ein person som har røynsle innan drift av veg, fagbrev innan fagfeltet er ønskjeleg. Personlege eigenskapar er spesielt viktig for oss. Du kjenner deg igjen i verdiane open modig og kompetent, er sjølvstendig og har stor arbeidskapasitet. Vi treng ein kollega som er svært god på kommunikasjon då stillinga inneber mykje kommunikasjon med både interne støttespelarar og entreprenørar. Nytenking er også viktig for oss då vi må vere innovative og sjå nye løysningar.
Gode IT kunnskapar er og ein stor fordel då registreringane skal utførast digitalt. Då dette er arbeid som skal utførast ute på vegen i ansvarsområdet ytre Nordfjord, vil vi og vurdere kvar søkjar er busett.
Kvalifikasjonar
- Førarkort klasse BE er eit krav
- Ønskeleg med røynsle innan drift av veg
- Ønskeleg med fagbrev innan fagfeltet
Vi tilbyr
Dersom du byrjar å jobbe hjå oss vil du gå inn i ei fagleg utfordrande stilling med spennande arbeidsoppgåver. Du vil få stor samfunnspåverknad, og ta del i eit arbeid som er essensielt for dagens fylkesvegar og infrastruktur.
Vi har eit sterkt og inkluderande fagmiljø, der vi søttar opp om kvarandre og har det kjekt saman. Vi er svært opptekne av at ein skal trivst på jobb, og samarbeidar godt saman. Slik meiner vi at vi får dei beste resultata. Vi legg stor vekt på individuell og kollektiv utvikling, og det er lagt godt til rette for dette.
Eininga skårar godt på arbeidsmiljøundersøkelsar, og har lågt sjukefråvær.
Vi tilbyr gode forsikrings- og pensjonsvilkår, og ein fleksibel arbeidsdag.
Dersom du har spørsmål er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med leiar Rune Sverre Sande på tlf: 91887230.
Anna informasjon
- Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk.
- Stillingstittel vil bli tilpassa til utdanningsnivå.
- Stillinga har seks månader prøvetid.
- Les meir om oss her: https://www.vestlandfylke.no/om-oss/organisasjon/infrastruktur-og-veg/
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lotevegen 23, 6770 Nordfjordeid
- Bransje: Annet, Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vegvaktar, veivakter, samferdsel, veinett, infrastruktur
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378273030
- Sist endret