Instruktør
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
- Frist 14.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Instruktørar til Sivilforsvarets kompetansesenter
Sivilforsvaret har tre ledige stillingar som instruktør ved Sivilforsvarets kompetansesenter. Vi ser etter deg som har gode pedagogiske evner og ønskjer å jobbe med opplæring av tenestepliktige i Sivilforsvaret.
Du skal
- planleggje, koordinere, gjennomføre og evaluere undervisning innanfor eitt eller fleire av fagområda CBRN, brann, redning, førstehjelp og operativ leiing
- rettleie og følgje opp kursdeltakarar
- vere med på å vidareutvikle kurs og fagområda til Sivilforsvaret
- medverke til intern kompetanseheving
- bidra i beredskapsarbeidet i Sivilforsvaret
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant eittårs studium frå høgskule/universitet/fagskule. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande høgskuleutdanning. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
- erfaring med undervisning og/eller rettleiing
- god kompetanse på bruk av digitale verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- førarkort klasse B eller høgare
- følgjande personlege eigenskapar:
- sjølvstendig, samstundes som du har god relasjonskompetanse - du er god på å byggje relasjonar og forstår rolla som instruktør
- gode pedagogiske evner - du engasjerer og er god på å lære frå deg
- strukturert - du har oversikt over eigne oppgåver og har ei systematisk tilnærming
- ansvarsmedviten - du tek ansvar for eigne oppgåver
- initiativrik - du får ting til å skje og ser moglegheiter for utvikling
Vi ønskjer at du har:
- operativ erfaring frå ein beredskapsorganisasjon
- erfaring frå arbeid med beredskap
Vilkår
Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (stillingskode 0331) med årsløn frå kr 548 699 til kr 615 700 (lønstrinn 56-63)
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stillinga, må vere klarert til nivå HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og blir leidd av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskapar som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, kvart av dei under leiing av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat. I tillegg er det ein krigsreserve med ytterlegare tenestepliktige.
Sivilforsvarets hovudoppdrag er å verne befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har myndigheitsansvar for ei rekke sivile vernetiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørgje for at god beredskap blir halden oppe i heile landet og bistår som forsterkningsressurs når nødetatane og andre myndigheiter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar beståande av tenestepliktige mannskapar og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 220 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar på DSB sine vegne, og tar fra 2024 over ansvaret for logistikkverksemd ved donasjon og materiell.
Sivilforsvarets kompetansesenter (SFK) er ein seksjon på det sentrale nivået i Sivilforsvaret, og har det nasjonale ansvaret for kompetanse, forvalting av tenestepliktige, logistikk og materiell. Alle dei 8000 tenestepliktige hos Sivilforsvaret har grunnkurs og vidaregåande opplæring frå kompetansesenteret. SFK driftar også sentrallageret som Sivilforsvaret har med nasjonalt materiell.
Sivilforsvarets kompetansesenter har 50 tilsette som er fordelte på tre einingar. Eininga for kompetanse og forvalting av tenestepliktige har i skrivande stund 17 tilsette. Senteret utdannar kvart år rundt 1200 kurselevar, og har overnattingskapasitet til 170. Kursa varer frå éi til tre veker.
Vi har eit spennande og breitt fagmiljø som speler ei sentral rolle i utviklinga av Sivilforsvaret. Hovudoppgåva for stillinga er opplæring av tenestepliktige og andre beredskapsaktørar gjennom teoretisk innføring og praktisk øving. Opplæringa tek mellom éi og tre veker.
Ei viss reiseverksemd i samband med kurs- og øvingsaktivitet i Sivilforsvarsdistrikta må påreknast (20-30 døgn i året). For å kunne bidra i oppgåvene til Sivilforsvaret er det viktig at du er fysisk og psykisk skikka til å jobbe i ein beredskapsorganisasjon, og kan delta på øvingar og innsatsar.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
einingsleiar Marina Englund Skuggedal : e-post marina.skuggedal@dsb.no, telefon 61 14 10 29
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!
Om arbeidsgiveren
For meir informasjon om DSB, sjå www.dsb.no
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Starumsvegen 86, 2850 Lena
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kurs og opplæring, Undervisning og pedagogikk, Veileder
Nøkkelord
beredskap, sivilforsvaret, totalberedskap, samfunnssikkerhet, instruktør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378283102
- Sist endret