Sjukepleiefagleg leiar
Helse Bergen
- Frist 22.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiefagleg leiar
Kirurgisk klinikk søkjer sjukepleiefagleg leiar og har ledig 100% fast stilling i stab. Stillinga rapporterer direkte til direktør i Kirurgisk klinikk, som er næraste leiar.
Vi ønskjer ein teamleiar som:
- Kan bidra til å forbetre samarbeidet i klinikken
- Deltar aktivt i stabsoppgåver som støttar dette
- Er ein brubyggjar som evnar å samle ulike einingar og profesjonar rundt gode løysingar
- Er ein pådrivar i prosessar og prosjekt
- Som medlem i klinikkstaben må du vere førebudd på å hjelpe til der det er behov, både internt i staben og overfor andre leiarar
Om oss: Staben understøttar klinikken si verksemd gjennom bistand til leiarar og tilsette. Vi bistår med leiar- og administrative oppgåver innan drift, forbetring og utvikling. Kirurgisk klinikk har seks fagavdelingar: Gastrokirurgi, Urologi, Plastikkirurgi og brannskade, Karkirurgi, Bryst- og endokrinkirurgi og Traumesenteret, som alle blir leia av avdelingssjefane. Vi har fem sengepostar og ein intensivseksjon, samt fire poliklinikkar og eit elektivt mottak/dagavdeling. Klinikken samarbeider tett med mange avdelingar internt på sjukehuset, samt med eksterne aktørar som andre sjukehus, kommunar og utdanningsinstitusjonar. Vi har høg og aukande operativ verksemd, og det er også aukande aktivitet på våre sengepostar og poliklinikkar.
Vi håpar du finn utlysinga interessant og ønskjer deg velkomen til å søkje!
Arbeidsoppgåver
- Representere seksjonsleiarar i klinikken si leiargruppe og andre møteplassar innanfor og utanfor klinikken
- Leie strategiarbeid for å rekruttere, utvikle og behalde medarbeidarar
- Systematisk arbeide for å forbetre og utvikle samarbeidet i klinikken
- Systematisk arbeide for å finne løysingar på tvers av klinikken som betrar arbeidsflyten og sparar tid
- Medansvar for partssamarbeidet knytt til sengepostar og poliklinikk
- Bidra til klinikken sin overordna strategi og langtidsplan
- Bistå seksjonsleiarane med å setje i verk dei løysingane og endringane som er vedtekne på overordna nivå
- Utvikle styrande dokumentasjon og systematikk knytt til fagspesifikke prosedyrar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring
- Erfaring med endringsleiing, strategisk planlegging eller kompetanseutvikling
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har sterke kommunikasjonsevner og som formidlar klart og tydeleg, både munnleg og skriftleg, for å sikre godt samarbeid og fremje felles forståing på tvers av fagområde
- Du viser ansvar og opptrer profesjonelt
- Du har vilje til å ta initiativ og drive prosessar framover, samt evne til å setje i verk tiltak som betrar arbeidsflyten og kvaliteten på pasientbehandlinga
- Du har ein proaktiv tilnærming til samarbeid, der ein aktivt byggjer bruer mellom ulike einingar og profesjonar for å finne felles løysingar
- Du har evne til å sjå heilskapen, analyseresituasjonar og utvikle langsiktige strategiar for å handtere framtidige utfordringar
- Du kan vise handlekraft i krevjande situasjonar og utfordringar
Vi tilbyr
- 100% fast stilling
- Ein spennande og utfordrande arbeidsplass
- Godt samarbeid med andre leiarar i klinikken
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sjukepleiefagleg leiar, sykepleiefaglig leder, sykepleier, leder, kirurgisk klinikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378291455
- Sist endret