Rådgjevar (statistikk)
Helse Bergen
- Frist 21.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar (statistikk)
Ønskjer du å arbeide med statistisk rådgjeving innan helseforsking?
Haukeland universitetssjukehus søkjer etter ein dyktig rådgjevar innan statistikk. Kliniske studiar er eit satsingsområde ved sjukehusa i Helse Vest-området, og det er auka behov for forskingsstøtte til fagmiljøa. Stillinga vil inngå eit tverrfagleg team som gir eit heilskapleg tilbod om forskingstøtte i helseregionen. Som statistikar har du ei viktig rolle i å rådgje forskarar i klinisk forskingsmetodikk. Føremålet er å sikre høg kvalitet i forskingsprosjekt, men også å overføre statistisk kompetanse til forskarane sjølve, slik at dei kan fremme utvikling, utarbeiding og formidling av helseforsking.
Stillinga ligg til Forsking og innovasjon (FoI), som har ansvar for støtte- og rettleiingstenester. FoI har fleire tverrfaglege team med medarbeidarane med høg kompetanse på ulike fagområde innan medisin, helsefag, statistikk, kommunikasjon, jus, informasjonsvitskap, økonomi og forvaltning. FoI sørgjer for eit praktisk og effektivt system for klinisk forsking i sjukehus, og leverer tenester både lokalt, regionalt og nasjonalt. Eit døme på sistnemnde, er det norske forskingsstøttenettverket for kliniske studiar, NorCRIN (Norwegian Clinical Research Infrastructures Network), som vi leier.
Vi vil no styrke arbeidet med statistisk rådgjeving, og treng ein medarbeidar som har særskilt interesse for - og som er god til - å rådgje forskarar og forskargrupper i forskingsprosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Statistisk rådgjeving til forskarar (val av design og metode, utval-/styrkjeberekning, statistiske og epidemiologiske analysemetodar, presentasjon og tolking av resultat, kvalitetskontroll mm.)
- Gi anbefalingar om bruk av statistiske metodar, programvare og utstyr og utvikle verktøy for meir spesialiserte analysar
- Bidra til å etablere system for sikker lagring, sporing og analyse av forskingsdata
- Gje råd til kliniske utprøvarar og forskargrupper i tråd med gjeldande nasjonalt og internasjonalt regelverk og bidra i utarbeidinga av god praksis, som til dømes Standard Operating Procedures (SOP), god statistisk praksis (GSP) og malar
- Bidra i opplæring og arrangere nettverk med hensikt å auke kompetansen til forskarane i bruken av statistiske metodar i kliniske studiar
- Noko reising vil bli naudsynt
- Andre oppgåver som ligg til Forsking og innovasjon
Kvalifikasjonar
- PhD i statistikk/annan relevant utdanning. Dokumentert lang erfaring kan kompensere for det formelle PhD-kravet.
- Erfaring med datahandtering og statistiske programpakkar
- Erfaring med statistiske metodar i klinisk forsking er ønskeleg
- Erfaring med prosjektarbeid, undervisning, møteleiing og teamarbeid er ønskeleg
- Særs gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk og engelsk, slik at du snakkar og skriv klart, kortfatta og korrekt
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
- Serviceinnstilt og lett å samarbeide med, også i team på tvers av fag
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst med høg arbeidskapasitet og evne til å prioritere og gjennomføre oppgåvene
- Systematisk, nøyaktig og fleksibel
- Evne og vilje til å sette deg inn i nye verktøy og metodar
- Positiv haldning til å tileigne og dele kunnskap
Vi tilbyr
- Fast stilling med meiningsfylte og utfordrande oppgåver
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø i trivelege lokalar på Haukelandsområdet
- Fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale og ei god pensjonsordning
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Jonas Lies vei 68, 5053 Bergen
- Bransje: Annet, Helse og omsorg, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
statistikk, analyse, styrkeberegning, metode
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378297229
- Sist endret