Avdelingsdirektør
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Frist 18.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsdirektør
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer leiar til seksjonen som har ansvar for den statlege frivilligheitspolitikken, frivillig kulturliv og barne- og ungdomskultur.
KUD er eit departementet prega av høg offentleg merksemd kring sakene sine. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli ein del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med mange engasjerte og kompetente medarbeidarar. Seksjonen har 10 medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- fagleg oppfølging, kvalitetssikring og utvikling av arbeidet i seksjonen
- personalleiing, oppfølging og utvikling av medarbeidarane i seksjonen
- bidra til å leie og utvikle avdelinga
- samarbeide med den politiske leiinga i departementet og bidra til å utforme og setje i verk regjeringa sin politikk på fagområdet
- samarbeide med andre departement, tilknytte verksemder, aktørar og organisasjonar på fagområdet
Avdelingsdirektøren er med i leiargruppa i avdelinga og rapporterer til ekspedisjonssjefen, som er øvste leiar for avdelinga. Søkjarar må vere budde på at det kan skje endringar av porteføljen i seksjonen og på å samarbeide på tvers av seksjonar og avdelingar.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning, primært på masternivå
- relevant erfaring frå fagområda
- kjennskap til offentlege avgjerdsprosessar og verkemiddelbruk, og forståing for politiske prosessar
- svært god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
Det vil vere ein fordel med erfaring frå eit departement, og ønskjeleg med relevant leiarerfaring.
Vi søkjer deg som
- har gode leiareigenskapar, med evne til å setje og formidle mål, og utvikle og motivere medarbeidarar
- har gode evner til å organisere arbeidet, delegere og sørgje for framdrift og gode leveransar til rett tid
- er initiativrik, utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne
- ser heilskapen og har god rolleforståing
- har evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar både internt og eksternt
- er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
Vi vil òg leggje vekt på motivasjonen din for stillinga og arbeidsområda.
Stillinga er eit embete, og du må difor vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Den som blir tilsett i stillinga må kunna klarerast for tilgang til informasjon gradert HEMMELIG etter sikkerhetsloven.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Arbeidsavtalen vil innehalde ein klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten.
Vi tilbyr
Kultur - og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.
Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.
Du vil bli innplassert som avdelingsdirektør i stillingskode 1218 med ei brutto årsløn frå 966 300 kroner (lønstrinn 84) til 1 149 700 kroner (lønstrinn 91). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.
Som leiar hos oss får du ansvar for spennande og fagleg utfordrande arbeids- og leiaroppgåver, og du får ei aktiv rolle i å leie og utvikle avdelinga. Du må vere fleksibel og kunne bidra i nye/endra oppgåver.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du ha meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med Lars Audun Granly på e-post: lars-audun.granly@kud.dep.no eller på telefon: 901 88 385.
Om avdelinga og seksjonen
Avdeling for sivilsamfunn og idrett (SI)
Avdelinga har ansvar for den statlege idrettspolitikken, barne- og ungdomskultur, frivillig kulturliv og det overordna ansvaret for koordinering og samordning av staten sitt forhold til frivillig sektor. Avdelinga har ansvaret for forvaltninga av overskotet frå Norsk Tipping til idrettsformål, til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, Den kulturelle skulesekken og Frifond. I det overordna ansvaret for frivilligpolitikken ligg mellom anna ansvaret for meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar, forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, frivillig-registeret og forenkling.
Seksjonen har hovudansvaret for sivilsamfunnsområdet og for arbeidet med rammevilkår for frivilligheita, og for barne- og ungdomskultur og frivillig kulturliv. I dette ligg mellom anna tilskot til frivilligsentralar, Frifond, Den kulturelle skulesekken, inkludering i idrettslag, lokale lag og foreiningar, og oppfølging av frivilligerklæringa og forenkling av statlege tilskot til frivillige organisasjonar. Seksjonen har ansvar for etatsstyring av Kulturtanken - Den kulturelle skulesekken.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Grubbegata 1, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
frivillighetspolitikk, barne- og ungdomskultur, ledelse, personalansvar, departementserfaring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378300858
- Sist endret