Helgestilling natt 28,17%
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 01.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Eining for psykisk helse og rustenester søkjer nattevakt ved Askviknes
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår: det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Funksjon og ansvarsområde:
Å arbeida som nattevakt i avdelinga krev at du er sjølvstendig og trygg. Arbeidstakar skal bidra til samarbeid, kulturbygging og godt arbeidsmiljø i avdelinga. Arbeidstakar skal setje seg inn i og følgje dei gjeldande retningslinjene for arbeidet. Vidare vil vi at arbeidstakar engasjerer seg i utforming og deltek for å utvikle miljøarbeidet rundt bebuarar, og tek ansvar for å vidareformidla når behov for endring vert oppdaga.
Vi har ledig 28,17% stilling/21,13% lønn med arbeid kvar 3. helg, med kombinasjon av vakne og kvilande vakter.
Vaktlengde på natt er frå kl. 22:00 til 08:00. Den kvilande tida vert avlønna i forholdet 1:3.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan helse- og omsorg er ønskeleg
- Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid
- Personleg eignaheit vil vera avgjerande
- Sjølvstende
- Tydelegheit
- Evne til å samhandle godt med bebuarar med ulike behov
- Evne til å samhandle med kollegaer og tileigne seg nødvendig informasjon
- Følgje rutinar og retningslinjer for arbeidet
Nattevakt ved psykisk helse og rustenester er ein dyktig medarbeidar som:
- Aktivt bidreg til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn
- Har gode gjennomføringsevner og følgjer rutinar og retningslinjer
- Er pårørande- , brukar- , og serviceorientert, med ei konstruktiv kommunikasjonsform
- Skaper gode relasjonar og har evne til samarbeid
- Bidreg til tryggleik for den enkelte bebuarar
- Viser respekt, omsorg og empati for menneska rundt deg
- Inspirerer andre og bidreg til arbeidsglede
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK- ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
nattevakt, helgestilling, kvilande, vaken
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378381364
- Sist endret