Bildegalleri
Månen den gule - Poesi og magi ved leggetid
Beskrivelse av varen
Dette er ei bok om voggeviser og godnattsongar frå ulike kantar av verda Somme av dei er kjende og kjære, andre byr på spennande møte med framande kulturar Både folkepoesien og kunstpoesien er med. Her finst bänsullar og ramser frå munnleg tradisjon, voggesongar dikta av namngute forfattarar, og andre songar som blir brukte i leggestunda.
Målet med voggevisene er å roa barnet ned og hjelpa det til å sova. Vi roser, sınigrar, skjenner og trugar. Samstundes uttrykker vi oss sjølv med syngingavi drøymer, fantaserer, klagar og frydar oss. Ved å følgja dei ulike tema frå land til land, over kulturelle og geografiske grenser, viser forfattaren oss at voggesongane verda rundt er fascinerande like.
Stilen i boka er essayistisk og tonen personleg. Samstundes bygger forfattaren på litteraturvitskapleg, folkloristisk og psykologisk kunnskap om emnet.
Eit urval av songane er presenterte med notar og besifring.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 10.3.2025 kl. 18:52 ・ FINN-kode: 378610733