Lagersjef
Encon AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer ein dedikert leiar til vårt lager på Voss
Encon AS søkjer ein dedikert og erfaren lagerleiar til vårt lager i vekst! Som lagerleiar hos oss vil du få ei sentral rolle med høve til å påverke vår lagerdrift. Me er ein fullsortimentsgrossist med eit breitt vareutval, og me legg stor vekt på kvalitet i alle ledd. Encon skal være der for kunden. Forståing av at me er ei servicebedrift er viktig i rolle som lagerleiar.
Ansvarsområde:
- Personalansvar for vårt lagerteam – leie, motivere og utvikle medarbeidarane.
- Sikre effektiv drift i alle delar av lageret.
- Handtere og tilpasse deg uforutsigbare dagar og hektiske periodar.
- Lære å bruke vårt lagersystem for å sikre nøyaktig vareflyt, avvikskontroll, kvalitet til kunde og optimal lagerstyring.
- Sikre god HMS samt mattryggleik.
Kvalifikasjonar:
- Erfaring frå lagerarbeid og personalleiing er ein fordel.
- Gode ferdigheiter i bruk av system og data.
- Evne til å trivast med utfordringar og omstillingar i ein variert arbeidskvardag.
- Løysingsorientert, strukturert og god på kommunikasjon.
Me tilbyr:
- Konkurransedyktig lønn.
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Ein spennande kvardag med eit dedikert team i eit selskap med gode vekstutsikter.
Ynskjer du ein langsiktig jobb i eit selskap der du kan utvikle deg og skape resultat? Då er kanskje du den me ser etter!
Send søknad og CV til camilla@encon.no om stillinga er av interesse. Fortløpande inntak til intervju og snarleg tilsetting for rette kandidat.
Om arbeidsgiveren
Encon AS er lokalisert på Voss, og lever varer store deler av Vestlandet.
Encon er fullsortimentsgrossist med stor bredde i varesortiment.
- Sektor: Privat
- Sted: Dalsmoen 5, 5709 Voss
- Bransje: Butikk og varehandel, Restaurant, mat og uteliv, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Kvalitetssikring, Ledelse, Logistikk og lager
Nøkkelord
lagerdrift, lagerlogistikk, ledelse, kvalitetssikring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378813082
- Sist endret