Systemutviklar
Omega 365 Solutions
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Er du vår neste systemutviklar?
Meir enn ein IT-leverandør
Omega 365 Solutions AS er i sterk vekst, og ei stadig aukande interesse for løysingane me lagar gjer at me treng fleire dyktige ansatte med på laget.
Me tilbyr ein spanande arbeidsplass med varierte dagar, gode moglegheiter for eigenutvikling, og gode kollegaer med masse kompetanse og erfaring. Nå ynskjer me å forsterka fagmiljøet vårt med nye systemutviklerar som kan bidra med engasjement, kunnskap, erfaring, meiningar og idéar.
Gjennom åra har me opparbeida oss ein leiande posisjon innan programvare og systematikk for prosjektgjennomføring, forvaltning, drift, og vedlikehald. Kundane våre er dei største og beste innan sine bransjar; mellom anna innan energisektoren, bygg- og anlegg, infrastruktur og landbasert industri.
Me trur på ein smidig design- og utviklingsprosess og testar ut løysingane våre fortløpande saman med reelle kundar. Me ynskjer å gjere kundane våre betre ved å levera det me meiner er beste praksis gjennom gode systemløysingar og gode arbeidsprosessar.
Hos oss jobbar me med
- Databasedesign- og utvikling på Microsoft SQL Server og i Azure NoSQL
- Front-end utvikling med HTML5, CSS, JavaScript og Vue.js
- Microsoft .Net og Microsoft Azure-plattforma
- For dei heldig utvalde: BIM, GIS og 3D
Me er på jakt etter deg som
- Kjenner seg att i kjerneverdiane våre: open, engasjert, raus, audmjuk og løysingsorientert
- Har gjerne noen års erfaring i kryssinga mellom systemutvikling og kunderelasjon
- Har auge for design og gode brukargrensesnitt
- Har gjerne noko prosjekterfaring og er glad i folk
- Fordel om ein har ei stødig hand med SQL og JS
- Beherskar norsk og engelsk munnleg og skriftleg
- Tar ut av oppvaskmaskina når ho er ferdig
- Toler å tapa i spel
Kva kan du forvente av oss:
- At ting er på stell og at ordningar og vilkår er konkurransedyktige
- Eit godt velferdsprogram med aktivitetar, fritidsboligar og turar
- Eit godt arbeids- og læringsmiljø
Både du med interesse for fagområdet, du som er nyutdanna, og du med noko fartstid vært oppfordra til å søka. Høg danning kompenserer fort for låg utdanning.
Omega 365 Solutions AS vart kåra til årets lærebedrift i Rogaland i 2023. Me har meir enn 2.200 ansatte verda over og er eit av Norges største privateigde IT-selskap.
Heile verdien vår ligg i dei ansatte.
Arbeidssted: Ølensvåg, Oslo, Stavanger, Bergen
Om arbeidsgiveren
Omega 365 -konsernet har HQ i Ølensvåg i Rogaland, og vårt mest kjente system er prosjektstyringsverktøyet Omega 365 som vi har levert til aktører innen olje og gass, helse, samferdsel, telecom, energi og bygg
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: 5582 Ølensvåg
- Bransje: IT, IT - programvare, Olje og gass
- Stillingsfunksjon: Database, Full stack utvikler, Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
systemutvikler, sql, database, javascript, it
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378898722
- Sist endret