Audiograf - Fast
Helse Bergen
- Frist 01.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Audiograf - fast stilling
Ledig fast stilling som audiograf ved Høyresentralen.
På høyresentralen vil du bli ein viktig del av eit stort tverrfagleg team. Vi har stort fokus på fagleg kompetanse, og søker deg som har lyst til å utvikle deg vidare innanfor audiologi. Arbeidsoppgåvene er svært varierte, og du vil kvar dag samarbeide med dyktige kollegaer innan ulike fagfelt (legar, helsesekretærar, sjukepleiarar, audiopedagog, medisin-teknikarar og sjølvsagt mange audiografar).
Høyresentralen tar primært imot pasientar frå store delar av Vestland fylke, noke som gjør at pasientgruppa er stor, med varierande problemstillingar. Vi yter helsehjelp til alt frå nyfødde til menneske over 100 år, noko som krev spisskompetanse innanfor ulike avgrensingar innan audiologi. Vi ser spesielt etter audiograf med interesse for barneaudiologi. Derfor bør nettopp du som har ein ekstra entusiasme for audiologi søke på denne stillinga! Vi oppfordrer også nyutdanna til å søke.
Vi vil sørge for god opplæring og innføring i måten vi arbeider på.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av pasientar som er tilviste Høyresentralen og ØNH barnepoliklinikken
- Høyrselstesting med spesialtestar, vaksne og barn
- Tilpassing og kontroll av høyreapparat, vaksne og barn
- Utgreiing og behandling av tinnitus/nedsett lydtoleranse
- Nyfødtscreening
- Administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisert audiograf
- Personleg eigenhet vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Du er motivert og ønsker fagleg utvikling
- Du er lojal og ansvarsbevisst
- Du har gode samarbeidsevner, tar initiativ og er arbeidsvillig
- Du arbeider sjølvstendig og klarer å ta avgjerder på eigen hand
- Du ønsker (nå eller på sikt) vidare spesialisering innan eit eller fleire av følgande felt: Barneaudiologi/ABR/tinnitus/nedsett lydtoleranse
Vi tilbyr deg
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Godt arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
- Varierte arbeidsoppgåver og moglegheit for spesialisering i faglege interesseområde
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Audiograf
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Audiograf, Audiograf, Hode-hals, Høresentralen, Sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378921800
- Sist endret