Spesialbioingeniør
Helse Bergen
- Frist 18.11.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Spesialbioingeniør ved Biobank Haukeland
Biobank Haukeland er ein sjølvstendig seksjon i Laboratorieklinikken som tilbyr biobanking og forskingsstøtte ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen samarbeider tett med dei andre avdelingane i Laboratorieklinikken, og saman leverer vi ei heilskapleg løysing for forskingsstøtte, prosjektarbeid og biobanking integrert i sjukehuslogistikken. Seksjonen har 9 tilsette med høg fagleg kompetanse og har nå eit ledig vikariat frå 01.01.2025 - 31.12.2025.
Biobank Haukeland har ein moderne utstyrspark for biobanking, med mellom anna automatisert prøvefordeling og ein automatisert lagringseining med plass til meir enn 2 millionar biobankprøvar. Vi har mange samarbeidspartnarar, både internt i sjukehuset og eksternt, og deltar i det nasjonale konsortiet for biobanker, Biobank Norge. Vårt mål er optimal prøvekvalitet på forskingsprøvar og forskingsanalysar ved å tilby forskarar rådgjeving, tilrettelegging, prøvehandtering og lagring av biologisk materiale. I 2023 blei det utført meir enn 45 000 forskingsanalysar og fordelt meir enn 70 000 forskingsprøvar i Laboratorieklinikken.
I dette vikariatet vil Spesialbioingeniøren delta i dagleg drift, bidra med prosjekthandtering i tett samarbeid med Prosjektkoordinator, og praktisk tilrettelegging for ulike forskingsprosjekt, mellom anna Norsk Diabank.
Arbeidsoppgåver
- Delta i blodprøvetaking og prøvehandtering i samband med kliniske studiar og forskingsprosjekt/analysar, mellom anna prøvefordeling, registrering, klargjering, lagring og sending
- Delta i handtering av prosjektsøknader og anna tilrettelegging for forskingsprosjekt i samarbeid med Prosjektkoordinator
- Sørge for at det er kvalitet i alle ledd for prosjekta, mellom anna ved å sikre korrekt innsamling og handtering av biologisk materiale og involvere dei riktige fagpersonane ved behov
- Gje råd og støtte forskingsgrupper med tanke på pre-analytisk prøvehandtering for forsking
- Halde seg fagleg oppdatert på preanalytiske forhold for forskingsprøvar
- Delta i biobanken si beredskapsordning for temperaturovervaking
- Andre funksjonar kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør og minimum 2 års praksis etter fullført utdanning.
- Det er eit krav om erfaring med preanalytisk arbeid, inkludert blodprøvetaking
- Det blir lagt vekt på erfaring med kliniske studiar og biobankrelatert arbeid
- Det er ønskeleg med erfaring med samhandling på tvers av institusjonar og mellom ulike fagpersonar
- Det er ein fordel med erfaring med Elektronisk kvalitetshandbok (EK), Helse Bergen sitt system for dokumentstyring
- Gode IKT kunnskapar
- Må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, og trivast i eit dynamisk og hektisk arbeidsmiljø
- Du er serviceinnstilt, omgjengeleg og løysingsorientert
- Du er punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du har fleksibilitet i forhold til nye arbeidsoppgåver
- Du må samarbeide og kommunisere godt
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Stillinga er ei dagstilling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Bioingeniør, Biobank, Forsking
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378922602
- Sist endret