Daglig Leder
Coop Jølster SA
- Frist 19.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi ser etter deg som vil ta over stafettpinnen som dagleg leiar, og dermed vidareutvikle Coop Jølster SA saman med oss!
Kan du tenke deg ein jobb som ligg i brytningspunktet mellom administrasjon, drift, leiing og salg samtidig som at du får lov til å være med på å bygge selskapet vidare for framtida?
Blir du trigga av tanken på å ha mange ballar i lufta på same tid, få leie andre til både personleg og felles måloppnåring, samt muligheita til å sjølv få oppleve innhaldsrike og utfordrande arbeidskvardagar?
Kva om eg fortel deg at du kan få alt dette i ei og samme rolle, - og det i tillegg til at du får jobbe med skikkeleg dyktige kollegaer?
Coop Jølster SA er en aktør med lange tradisjoner, og har djupe røter i bygda. Selskapets dyktige leiar gjennom mange år går i løpet av 2025 av med pensjon, og vi ser difor etter deg som er klar for ei utfordring og som vil være med på å utvikle selskapet vidare inn i framtida. Coop Jølster SA kan vise til ei stabil og god drift gjennom mange år, har trygge og gode kundeforhold og er stolt over rolla si som eit av bygdas viktige midtpunkt for innbyggarane.
Kven er du?
Vel, for oss er det først og fremst viktig at du har begge beina godt planta på jorda, og at du er deg sjølv. Du er ein som deler våre verdiar, ser kva som må gjerast og agerar ut ifrå det. Du er tydeleg, handlekraftig og raus alt ettersom kva situasjonen krev.
Vidare søker vi etter ein engasjert person med leiareigenskapar. Anten har du jobba som leiar tidlegare, eller so har du kanskje erfaring som tilseier at dette er ditt neste steg. Du har gjerne nokre tankar om korleis vi kan forbetre oss, og dette set vi i tilfelle stor pris på at du deler.
Vi ser for oss at du har skaffa deg god erfaring med administrativt arbeid frå dine tidlegare jobbar. Du er gjerne òg van med å være «i ilden» til ei kvar tid, og å følge opp drifta der det skjer? I tilfelle er det supert, men om ikkje er i alle høve det viktigaste for oss at du har drifta, kunden, tilsette og det totale selskapet i fokus i alt du tenker og gjer.
I Coop Jølster SA vil vi at medlemmane våre skal møte engasjerte tilsette som held det dei lovar og strekk seg langt for både kvarandre og kunden. Menneska rundt deg blir viktige for deg, og di evne til å skape og oppretthalde gode relasjonar blir avgjerande.
For oss kan det være ein fordel om du har erfaring med butikkdrift på ulike nivå frå før, og dermed forstår bransjen. Vi tenker imidlertid at mangel på både «spot on» erfaring eller høgare relevant utdanning ikkje skal hindre deg i å søke. Vi ser først og fremst etter dine personlege eigenskapar.
Vidare ser vi for oss at du......
- likar at det skjer ting i eit høgt tempo, men har ei roleg framtoning
- har eit auge for detaljar, er nøyaktig og ser kva som må gjerast
- diggar plan og struktur, men har erfart at livet sjeldan skjer som planlagt og at både framdriftsplanar og excelark kan måtte vente til fordel for improvisasjon og kjappe avgjersler
- etter å ha funne din plass tek avgjersler, jobbar sjølvstendig og er kvalitetsbevisst på vegne av styret, kundar, selskapet, tilsette og deg sjølv
Arbeidsoppgåver
Som Dagleg leiar hos oss ynskjer vi å gje deg ei stor grad av handlingsfriheit og tillit!
Når vi snakkar om tillit handlar det for oss sjølvsagt om at du må ta ansvaret du får, men det handlar også om å klare å styre dagen og oppgåvene dine sjølv, samtidig som at du leier dei tilsette til suksess. Den vi tilset vil være med å forme både innhald og krav til både eiga stilling og resten av organisasjonen.
Som Dagleg leiar i Coop Jølster SA vil du ha det overordna ansvaret for Coop Prix Jølster, Coop Bygg Mix Jølster og eigedomane som selskapet eig. Ei slik rolle krev at ein er god på å sjå kva som skal gjerast, og å både like og meistre det å navigere rundt i ein kvardag med mange ulike ulike oppgåver. For å få til dette treng ein god planlegging, men samtidig være klar til å snu seg rundt når ting ikkje går etter planen, og jobben, tilsette eller kundane treng deg. Her ser vi for oss at du er RÅ!
Arbeidsdagen din intet mindre enn variert. Du vil ha ansvar for mange av dei praktiske oppgåvene knytta til den daglege drifta i store delar av organisasjonen, og vil være ei nøkkelbrikke for alle ledd.
Hovudmål, og dermed den viktigaste oppgåva, blir naturleg nok å være med å sikre god kommersiell drift av selskapet saman med dine butikksjefar og andre tilsette.
I tillegg til dette vil du:
- ha det overordna ansvaret for drift av heile selskapet
- saman med butikksjefar skape ein god arbeidsplass, og dermed sikre gode arbeidstilhøve for tilsette
- ha ansvar for å strategi og utvikling på eit overordna nivå, -og å sjå alt under eitt.
- Forvalte eigedomane til selskapet på best muleg måte for både selskap og nærområde
- ha eit overordna Personal- og utviklingsansvar for våre dyktige tilsette
- Bevare og vidareutvikle Coop Jølster SA som eit viktig samlingspunkt i bygda gjennom å bidra til å skape endå meir aktivitet både i og utanfor butikkane
Kva vil kan tilby?
Hos oss får du tillit, fleksibilitet og en god dose moro!
Vi ynskjer å gje deg muligheita til å påvirke og peike ut selskapets framtidige retning- då saman med dedikerte, støttande og engasjerte tilsette og styre.
Utover dette vil vi at du skal:
- få ta del i eit allereie godt og positivt arbeidsmiljø
- Oppleve at det er «høgt under taket», og at det er «vi» ikkje «deg» når vanskeleg avgjersler må takast.
- få jobbe med dedikerte, rause og hardtarbeidande eigarar og kollegaer
- ha ordna arbeidsforhold og betingelsar
- ha ein fleksibel kvardag
- Arbeidsstad: Skei i Jølster og/eller heimekontor ved behov.
Kva vi ikkje klarar å tilby? :
Ein forutsigbar og kjedeleg arbeidsdag der kvar dag byr på det samme!
Kan du sjå deg sjølv i rolla som vår nye Dagleg leiar, eller har du spørsmål som enno står ubesvarte?
La i tilfelle ikkje tvilen komme i veien for draumejobben i verdas vakraste rammer , men ta kontakt med vår kontaktperson for stillinga for ein uforpliktande prat.
Alle søknadar og henvendelsar blir handsama konfidensielt.
Om arbeidsgiveren
Coop Jølster SA – laget ved breen
Coop Jølster er ein medlemsorganisasjon med opp under 80 millionar i omsetning og som er eigd av 800 medlemmer
Coop Jølster SA består av ein ein Coop Prix butikk, ein Coop Byggmix og leverandør av driftsmiddel til landbruket. Vi ligg sentralt på vakre Skei i Jølster, plassert i den nordlegaste delen av Sunnfjord Kommune.
Vi har stor turistaktivitet på sommeren, og er omringa av flott natur, engasjerte innbyggarar og eit solid næringsliv.
- Sektor: Samvirke
- Sted: Vikavegen 9, 6843 Skei i Jølster
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Butikk og varehandel, Eiendom
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Kontor og administrasjon, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
daglig ledelse, Forretningsutvikling, budsjettansvar, daglig leder, ledelse
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 378922811
- Sist endret