Bioingeniør
Helse Fonna HF
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Bioingeniør
Ønsker du å bli ein av våre nye kollegaer innan medisinsk biokjemi? Send inn søknaden din og bli del av teamet vårt!
Vi har et ledig vikariat som strekkar seg over 1 år, og det er gode mulighetar for vidare fast stilling.
Hos oss vil du få varierte arbeidsdagar med innblikk i ulike program og fagfelt. Vi arbeider med område som klinisk kjemi, hematologi og koagulasjon, allergi og elektroforese, prøvehandtering, pasientnære analysar og prøvetaking. Vi har òg eit heilautomatisert bandsystem som nyttar moderne teknologi og ny automatikk.
Som bioingeniør i medisinsk biokjemi vil du engasjere deg i nært samarbeid på tvers av faggrupper, noko som skapar ein spennande kvardag i eit tverrfagleg miljø.
Vi tilbyr arbeid i turnus på 35,5 timar i veka, og omlag arbeid kvar fjerde helg etter at opplæringa er fullført.
Medisinsk biokjemi er lokalisert i eit nytt sjukehusbygg med flotte, lyse lokale og fantastisk utsikt. Avdelinga er stolt akkreditert etter ISO 15189 som viser at vi oppfyller krav til kvalitet og kompetanse.
Ta kontakt om du har spørsmål om stillinga, eller anna! Intervju blir gjennomførte fortløpande, og vi er fleksible når det gjeld oppstartsdato.
Nyutdanna vert oppfordra til å søkje.
Arbeidsoppgåver
Rutinedrift på ulike fagområder som:
- Prøvehandtering og preanalytisk arbeid
- Hematologi og koagulasjon
- Klinisk kjemi/immunokjemi
- Pasientnær analysering ved bl.a blodgassmaskinar og urinanalysar
- Prøvetaking av polikliniske og inneliggende pasienta
På vakt vil ein samarbeide med ein annan bioingeniør og ein helsesekretær. Då vil oppgåvene variere meir enn på dagtid.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid innanfor medisinsk biokjemi eller annan relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
- trivst i eit aktivt miljø
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er serviceinnstilit
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- har høg arbeidsmoral
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø og godt kollegialt klima
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, kjemi, biokjemi, helse, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379021824
- Sist endret