Rettleiar 100% - Fast - NAV Alver Service og velferd
Alver kommune
- Frist 19.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Rettleiar 100% - Fast - NAV Alver Service og velferd
Om stillinga:
NAV Alver lyser ut 2 faste stillingar. Stillingane er høyrer til avdeling Service og Velferd, der ein vil jobbe med dyktige og engasjerte kollegaer i team sosiale teneste.
Om NAV-Alver:
NAV Alver er ein arbeidsplass med ca 70 ansatte. Vi er ein bidragsytar til utjamning av sosiale forskjellar i samfunnet. Er du god på å finne moglegheiter, ressursar, og ein pådrivar for samarbeid og vil være med på laget? Då håper vi du sender inn ein søknad.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeide med innbyggjarar som har behov for sosiale teneste
- Handsame søknadar om sosialhjelp gjennom kartlegging, vurdering og avgjerd etter lov om sosiale teneste
- Oppfølging ifht økonomi, bustad, tverrfagleg samhandling og koordinering
- Betening av møtesenter og vakttelefon
- Samarbeid på tvers i og utanfor NAV kontoret
- Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga
Kompetanse vi treng:
Kompetansekrav for stillinga:
- Minimum tre års utdanning frå høgskole eller universitet innan sosialfagleg retning. Anna 3 årig høgare utdanning med særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav.
- Kan vise til rettleiing og samhandlingskompetanse ut frå erfaring og/eller utdanning
- Kan utøve sosialfagleg skjønn
- Juridisk forståelse
- Gode datakunnskaper
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
I tillegg ønskjer vi medarbeidarar som:
- byggjer gode samarbeidsrelasjonar og er ein påliteleg samarbeidspart
- er fleksibel og trivst i ein travel arbeidskvardag
- ser ressurser hjå den einskilde
- ynskjer å jobbe med målgruppa
- medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- har førarkort klasse B
Vi tilbyr:
- Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Aktive og engasjerte kollegaer
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldane lov og avtaleverk
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler, Sosionom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379036044
- Sist endret