Avdelingsleiar
Helse Fonna HF
- Frist 19.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
Vi søkjer deg som ønskjer å leie ei spennande avdeling med stor bredde og høg spisskompetanse.
Som avdelingsleiar rapporterer du direkte til klinikkdirektør, og inngår i klinikkdirektøren si leiargruppe.
Avdelingsleiar har eit delegert overordna resultatansvar for føde- og gynekologisk avdeling, Stord sjukehus. Dette inneber ansvar for personal, budsjett/økonomistyring, aktivitet og kvalitet, og at det blir fastsett mål og utarbeidd planar for drift og verksemd.
Avdelinga er ei kombinert føde-, barsel og gynekologisk post. Avdelinga har omlag 450 fødslar årleg som er selektert til lågrisiko, ein obstetrisk og gynekologisk poliklinikk, elektive og akutte gynekologiske operasjonar. Her jobbar jordmødre, gynekologar og helsefagarbeidarar.
I klinikk for somatikk Stord har vi samla merkantile tenester til ei felles eining. Eininga er organisert under avdelingsleiar for føde- og gynekologisk avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Delegert totalansvar for avdelinga. Avdelingsleiar skal leie og utvikle verksemda etter vedtatte målsettingar og strategiar, og i tråd med gjeldande fullmakter, lovar, forskrifter og avtaleverk
- Personalansvar
- Budsjett- og resultatansvar
- Delta i klinikken si leiargruppe
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule
- Fagleg kompetanse, klinisk erfaring innan fagområdet blir vektlagd
- Gode IKT kunnskaper
- Gode norsk ferdigheiter, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vere fleksibel og ha evne til å vurdere saker heilskapleg
- Gode leiareigenskaper og gode samarbeidsevner
- Resultatorientert
- Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
- Beslutningsdyktig
- Endringsvillig
- Gode kommunikasjonseevner
- Evne til nytekning og målretta arbeid
Vi tilbyr
- Fagleg og personlig utvikling
- Løn etter avtale
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Avdelingsleder, Ledelse, Leder, Mellomleder, Sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379063453
- Sist endret