Miljøterapeutstillingar deltid
Bufetat
- Frist 20.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeutar deltid
Bergen akuttsenter ivaretek akuttfunksjonen for ungdom 13-18 år i Vestland. Bergen akuttsenter har 6 plassar på avdeling Nattland som primært er plassert etter samtykke og er ei open avdeling. Kvardagen i avdelinga er prega av hyppige inntak av ungdom i krise, store variasjonar i problematikk; bakgrunn, smerteuttrykk, psykisk fungering og omsorgsbehov. Det er eit krav å kartlegge mange faktorar på kort tid, samt det å byrje arbeidet med å skapa ei utvikling hjå ungdomen og deira familie.
I samband med ny grunnturnus er det ledige faste deltidsstillingar.
- 1 stilling i 37 %, 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
- 2 stillingar i 19 %, arbeid kvar 3. helg.
- 2 stillingar i 23 %, arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid med ungdom, med fokus på traumesensitiv tilnærming og krisehandtering.
- Delta i observasjon og kartleggingsarbeid.
- Ta i mot nye ungdomar.
- Praktiske oppgåver i avdelinga.
- Skriftleg dokumentasjon i samband med dagleg loggføring og anna skriftleg dokumentasjon.
- Ta ungdomane med på aktivitetar og gje dei gode opplevelsar.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) bachelor tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes lærar, sjukepleiar, pedagog eller psykologi kan og vurderast.
- Søkjarar med påbegynt treårig relevant høgskuleutdanning, kan vurderast.
Me ser etter deg som
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Er sjølvstendig i skriftleg arbeid og har god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Har førarkort for personbil kl. B.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Det er ønskeleg at du har:
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon.
- Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har god fysisk og psykisk helse.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar.
- Er løysingsfokusert og lojal.
- Framstår som trygg i ulike typar situasjonar.
- Har evne til romslegheit, fleksibilitet og sjølvstende.
- Har toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag.
- Er punktleg, og har evne til å arbeida strukturert og metodisk.
For oss er det også svært viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, pt. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr 45-61).
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr 53-64).
- For søkjarar med påbegynt bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t kr 443 000 - 502 300 (ltr 41-50).
- Avlønning og stillingskode vurderas etter utdanning og erfaring.
Vi gjer merksam på at sentrale tillegg frå årets lønnsoppgjer ennå ikkje er ferdigbehandla i Staten for 2024.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som innebærer ein god tjenestepensjonsordning, moglegheit for tilbud om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Godt fagleg og sosialt miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søkar:
- Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkerportala. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du trenger det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikke avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bergen akuttsenter, avd. Nattland.
- Politiattest må fremleggas ved ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje legges ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstørrelse og varigheit skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Nedre Nattland 69, 5099 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøterapeut, Sosialfag, Sosialt arbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379161485
- Sist endret