Driftsingeniør
Statkraft Energi AS
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Driftsingeniør
Vil du læra meir om fornybar energi og energibransjen?
Statkraft har gjort rein energi mogleg i meir enn 100 år. Me ynskjer oss ei verd som blir driven av rein fornybar energi. I kampen mot klimaendringar ser me ikkje på fornybar energi som berre ein del av løysinga - det er løysinga! Men det er meir arbeid som må gjerast - derfor treng me deg!
Tykkjer du det verkar spanande å jobbe med tryggleik i grensesnittet mellom teknikk, miljø, vassdrag og kraftmarknad? Der du vil ha ei sentral rolle i styring av 10 % av Norge sin kraftproduksjon. Statkraft region Midt-Norge søkjer etter driftsingeniør.
Med våre produksjon- og reguleringsanlegg har me fått tildelt eit stort ansvar med å forvalte desse til det beste for samfunnet. Me skal sikre tilgjengelege anlegg slik at det er straum og lys i alle heimar. Med eit stadig meir variert vær, er vatn- og flaumhandtering i våre regulerte vassdrag ei viktig oppgåve.
Du skal styre og overvake produksjonsanlegga som i dag består av 35 vasskraftverk og 7 vindparkar frå Sognefjorden i sør til Fosen i nord. Der skal du utøve funksjonen leiar for kopling og planleggje kraftproduksjonen i nært samarbeid med marknadsmiljøet i Oslo og kollegaer i våre kraftverk. Du vil også ha ei viktig rolle i beredskapssamanheng. Arbeidet vil bestå av kontinuerlege skift, og du vil inngå i eit triveleg og sterkt fagmiljø. Produksjonsavdelinga består av 14 tilsette, og har ansvar for produksjonsplanlegging, vedlikehaldskoordinering, døgnkontinuerleg styring og overvaking av regionen sine produksjonsanlegg. Har du lyst å utgjere ein forskjell i eit veksande selskap, oppfordrar me deg til å søkja!
Du vil bli ein del av ein kjekk gjeng som har kontor i framifrå flott natur. Me ynskjer at det skal vera lett å trivast hjå oss, og dei gode diskusjonane kan ein ta over ein kaffikopp eller på ein tur i vår vakre bygd blant fjord, fjell og bre. I Sogn kan du dyrka interesser som klatring, jakt, fiske, sykkel, ski før og etter jobb!
Kven er du?
Me ser etter ein initiativrik og framoverlent person som ynskjer å bidra til gode leveransar for Statkraft. Våre leveransar er resultatet av eit godt samarbeid, me søkjer etter ein lagspelar som kan bidra til at me gjer kvarandre gode.
- Du har fokus på tryggleik i ditt dagelege arbeid med energisatte system
- Du har fokus på bærekraft og miljø i ditt arbeid knytta til vassdrag og vindparkar
- Høgare teknisk utdanning tilsvarande bachelornivå, innan elektro, elkraft eller energi og miljø
- Du kan vera nyutdanna, då grundig opplæring vil bli gitt
- Du må beherske norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
- Du held hovudet kaldt i tidvis hektiske situasjonar
- Du er endringsvillig med gode samarbeidsevner
- God IT-kunnskap og handterer databaserte styringssystem
- Kunnskap og kompetanse innen SCADA er eit pluss
Me vektlegg personlege eigenskapar som samsvarar med våre verdiar; kompetent, ansvarleg og nyskapande.
Kva vi tilbyr:
Ei karriere i Statkraft er meiningsfylt – kvar einaste medarbeidar bidreg til ein reell forskjell for samfunnet og vår felles framtid!
- Unike læringsmoglegheiter på ulike nivå i organisasjonen
- Sjansen til å utvikle din karriere saman med eit globalt nettverk av leiarar, spesialistar og kandidatar frå ulike land og med ulik bakgrunn
- Konkurransedyktige betingelsar og velferdsordningar
- Me er ein arbeidsgivar som set sikkerheita til våre tilsette fyrst. Me meiner at eit trygt og godt arbeidsmiljø er eit spørsmål om valg, ikkje tilfeldigheiter
Statkraft forvaltar kritisk infrastruktur og tenester i fleire land. Søkjaren må være kvalifisert for sikkerheitsklarering og autorisasjon.
Kontaktperson: Vidar Fossøy, Teamleader NMPD - Regional Dispatch Centre. Tlf. 988 81 974
Søknadsfrist: 24.11.24
- Sektor: Privat
- Sted: 6868 Gaupne
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektroingeniør
Nøkkelord
energi, kraft, kraftproduksjon, energi og miljø, elkraft
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379179112
- Sist endret