Helsefagarbeidarar
Sogndal kommune Institusjon - helse
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeidarar
Velkommen til Sogndal og bli en del av vårt herlege team!
Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til korttid/KAD/rehab og langtidsavdelinga ved Sogndal helse og omsorgssenter.
Sogndal er kjent for sin storslåtte natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på utallige moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her finnes noko for alle frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremmer fellesskap og trivsel.
Kvifor jobbe i Sogndal kommune?
Som helsefagarbeidar ved Sogndal helse og omsorgssenter blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid.
Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert.
Me har stor breidde i oppgåver og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.
Me er med på prestisjeprosjektet Tørn i regi av KS. Målet med prosjektet er å finne gode og berekraftige løysingar på oppgåveutføringa i kommunen ilag med medarbeidarane. Dette betyr at du vil ha moglegheit til å vere med å påverke din eiga arbeidskvardag!
Om stillingane
Sogndal helse og omsorgssenter i Sogndal kommune har ledig følgjande stilling
- 2 x 100% fast stilling som helsefagarbeidar
- 80% vikariat som helsefagarbeidar i eitt år
- 80% vikariat som helsefagarbeidar i eitt år
Vernepleiarar vil også verte vurdert for stillingane
Me startar med kalenderplan/årsturnus april 2025, med individuelle tilpassingar av turnus. Det vert moglegheit for langvaktar etter ynskje med jobb kvar 4.helg eller ordinære vakter kvar 3.helg.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim.
- Medansvar for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
- Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
- Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar eller vernepleiar med norsk autorisasjon
- Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
- Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
- Løysingsorientert og positiv
- Fagleg sterkt og er trygg i rolla som helsefagarbeidar
- Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Takle ein variert arbeidskvardag
- Ansvarsfull og serviceinnstilt
- Open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
- Endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Kontaktperson for stillingane er:
Maria Buvik Nondal, avdelingsleiar langtidsavdeling, 40434807,
Anja Leirdal, avdelingsleiar korttid/rehab/KAD 40407889
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Plassen 2, 6856 Sogndal
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
helsefag, institusjon, omsorg, eldre
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379231035
- Sist endret