Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar frå sommaren 2025 ved Avdeling for rusmedisin
Helse Bergen
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Karriere i Helse Bergen? Sjukepleiar og vernepleiar frå sommaren 2025 ved Avdeling for rusmedisin
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Avdeling for rusmedisin
Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert speleavhengnad. AFR tilbyr ulike behandlingsformer; ambulant og poliklinisk behandling, legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og ulike typer døgnbehandling - avrusing, stabilisering, medikamentfri behandling og kjønnsdelt behandling. Avdelinga tilbyr også tvang etter HOL. Forutan dei ni kliniske seksjonane har avdelinga ein seksjon for forsking og eit kompetansesenter innan rusfeltet- KoRus, i tillegg til andre utviklings- og forskingsprosjekt integrert i behandlinga.
Vi har ledig faste stillingar frå sommaren ved følgande avdelingar: Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet.
* AFR Heroinassistert behandling (HAB)
* AFR Tertnes
* AFR Dr. Martens
* AFR Korttidspost Engenhuset (tidlegare AFR Skuteviken) Les meir her Flytting til Engenhuset
* AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Kandidatar som startar i stillinga vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Avdeling for Rusmedisin (AFR), pt i sommarturnus ved ein av våre avdelingar. Frå hausten 2025 kan stillinga bli ved same avdeling eller ved ein av AFR sine mange spennande avdelingar. Vidare arbeidsstad vil bli avtalt nærare i dialog med med den tilsette og AFR
v/ Irene Tveit Kjellerød. Her kan du lese meir om AFR
Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 25/26 - 32/33. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleiarutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Arbeidsoppgåver
AFR Heroinassistert behandling (HAB) har turnus 08 - 17.30 alle dagar inkl. helg.
AFR Tertnes - Kvinneposten (KP): 2-delt turnus og kvar 3. helg. Familiambulatoriet (FA): 2-delt turnus med ambulant arbeid i tverrfagleg team og 3. kvar helg på Kvinneposten.
AFR Dr. Martens - Tvangspost: 2-delt turnus, kvar 3. helg. Avrusing/korttidspost: 2-delt turnus, kvar 5. helg og langvakter i helg.
AFR Korttidspost Engenhuset - 2-delt turnus, kvar 3. helg.
AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) har Dagarbeid, kvar 4. eller 8. laurdag
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av pasientar, individuelt tilpassa miljøterapi, skape struktur i kvardagen, aktivitet og støttesamtalar
- Tverrfagleg samarbeid i team med oppfølgingsansvar som primærkontakt
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient
Kvalifikasjonar:
- Du er ferdig utdanna som vernepleiar eller sjukepleiar i løpet av vinteren 2024 eller våren 2025. Du har eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning
- Ønskeleg med erfaring innan fagfelta Psykiatri/Rus
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Må meiste norsk skriftleg og munnleg
Personelege eigenskapar:
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Du evner å kommunisere og samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du trivast i eit til tider hektisk miljø, har godt humør og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, sjukepleiar, vernepleiar, rusmedisin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379354937
- Sist endret