Faste stillingar som sjukepleiar frå sommaren 2025 ved somatiske avdelingar
Helse Bergen
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Karriere i Helse Bergen? Sjukepleiarar frå sommaren 2025 ved somatiske avdelingar
Vi har ledig faste stillingar på ulike avdelingar. Les meir ved å klikke på linkane:
Stillingane kan du som får autorisasjon innan sommaren eller du som har autorisasjon frå før søke på. Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. I søknaden må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleiarutdanninga.
Nevrologisk avdeling: Nevrologisk akuttpost, Spinaleininga
Ortopedisk klinikk: Ortopedisk avdeling syd/vest/infeksjon
Kvinneklinikken: Gynekologisk sengepost, Føde AB, Føde C, Føde D
Kreftavdelinga: post 1, poliklinikk, post 2
Medisinsk klinikk: Nyre- og Hormonsjukdommar-1Nord, Blodsjukdommar-5Nord, Medisinsk Overvakingseining (MOE) – post 6, Fordøyelsessjukdommar 1 vest * Infeksjons medisin 5 vest, Medisinsk post 2 - Dialysen, Medisinsk undersøking, Medisinsk poliklinikk
Klinikk hode/hals: Hode/hals og auge avdeling
Kirurgisk klinikk: Gastrokirurgisk avdeling - Post 1 Nord og Vest
Nevrokirurgisk avdeling: Nevrokirurgisk sengepost/NOVA
Mottaksklinikken: Utgreiingsmottak UMO1/Akuttposten, Akuttmottaket, Korttidsposten
Barne- og ungdomsklinikken: Medisin A, Medisin B, Medisin C, Barnekirurgen, Nyføddintensiv
Lungeavdelinga: Post 1, Post 3
Hjerteavdelinga: Post 4, Post 1/2
Revmatologisk avdeling: Poliklinikk - infusjonsposten
Oppstart i stillinga vil vere frå sommaren etter avtale med den einskilde eininga.
Du må:
- Ha eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning vinteren 2024 eller våren 2025
- Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
- Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr deg:
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, sjukepleiar, sykehus, somatiske enheter, faste stillinger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379447845
- Sist endret