HMS Ansvarleg
Engebø Rutile and Garnet AS
- Frist 5.1.2025
- Ansettelsesform Fast
- Årslønn 765 000 krLønna kan diskuterast med hensyn til erfaringar og kvalifikasjonar
Mineraleventyret på Engebø treng ein HMS Ansvarleg på teamet! Er det deg?
Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er i vekst og startar mineralproduksjon av titanråstoffet rutil i Q4 2024. I den forbindelse treng Miljø og Berekraftsleiar Ylva Wård, fleire på teamet sitt. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på.
Prosessen består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg.
For å styrke teamet søker vi derfor etter ein kvalitetsbevisst HMS-ansvarleg som kan vere med å bidra til ein god HMS-kultur i organisasjonen. Du vil jobbe tett med øvre leiing, samt ha eit ansvar for operasjonell og strategisk HMS i selskapet.
Dine arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i hovudsak vere:
- Fremme og bidra til ein positiv HMS kultur saman med leverandørar, kundar og medarbeidarar
- Delta i, og utvikle, risikoanalyse prosessar
- Bidra til å identifisere HMS relatert risiko med oppfølging for å redusere fare
- Utarbeide og følge opp etablerte HMS planar
- Følge opp og delta i gransking av uønska hendingar
- Bidra i revisjon
- Bidra til erfaringsoverføring gjennom etablerte system og prosessar
- Avvikshandtering
- Rapportering knytt til ESG og TSM (Towards Sustainable Mining)
- Bistand til øvrig leiing med HMS relaterte spørsmål etter behov
Det ønskeleg at du har følgande utdanning, erfaring og kvalifikasjonar:
- Bachelor eller master innan HMS-relatert fagområde
- Praksis innanfor teknisk og industriell produksjon er ønskeleg
- Kunnskap om ISO 9001 – 14001 – 45001
- Erfaring med industrivern er positivt
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- 3+ års erfaring er ønskeleg, men nyutdanna er velkommen til å søke
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, både skriftleg og muntleg
Arbeidstida er dagtid. Arbeidsstad er på Engebø i flotte nye kontor, laboratorie og produksjonslokaler!
Vi er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal ha eit godt arbeidsmiljø, og fokus på balansen mellom jobb og fritid. Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling.
Du vil ta del i eit rykande ferskt team, beståande av 80 tilsette frå fire forskjellige kontinent med eit bredt spekter av bakgrunnar og erfaring. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn i organisasjonen, noko vi tør påstå er unikt i vår bransje. Ettersom dette er den første gruva i Norge på over 40 år, står vi alle på same "fjell", der dei færraste har direkte erfaring frå oppstart av gruvedrift. Fellesnemnaren er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar!
Vi er ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
Noko for deg? Ja då er det bare å sende inn ein enkel søkand! Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande. Og dersom du har spørsmål så er det bare å ta kontakt!
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: HMS, Sikkerhet, Teknisk sikkerhet/QHSE
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ingeniør, sikkerhet, safety, hms, Nordic Mining
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379451284
- Sist endret