100% fast stilling for vernepleiar/sjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdeling bufellesskap psykisk helse ved Grantun har ledig stilling.
Arbeidsstad
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår: Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidreg du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Grantun bufellesskap i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med psykiske lidingar. Bufellesskapet ligg sentralt i Os, i nærheit av fin natur og idrettspark. Bufellesskapet gjev i hovudsak tenester til tenestmottakarar over 18 år og har 12 bebuarar med varierande bistandsbehov.
Arbeidsoppgåver
Avdelinga si tilnærming er Recoverybasert, som handlar om å bidra til ein personleg prosess der den enkelte får hjelp til å øva opp evne til å finne eigne meistringsstrategiar for å skape ein meiningsfull kvardag. Ved å jobba med dette vil ein skapa styrke til å meistre å leva eit godt liv med sine psykiske utfordringar.
Den kommunale tenesta har til hensikt å bidra til å stabilisera den psykiske helsa hos bebuar og støtte vedkommande til å bli i betre stand til å gjennomføra daglege gjeremål, og handtera utfordringar på ein sjølvstendig måte. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike mål og tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det kan liggja eit koordinatoransvar til stillinga. Stillinga er i turnus, med arbeid kvar 3. helg ordinære vakter, eller kvar 4. helg langvakter.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar.
Det er fortrinnsvis ønskjeleg med erfaring i frå psykisk helsearbeid og miljøterapi knytt til personar med psykisk uhelse, men andre utdanningar eller kompetanse vil også kunne vere relevant.
Du er medviten dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlands utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK- dir). Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Løn etter gjeldande avtalar.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utgått søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK- ID informasjon i søknadsprosess
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379454516
- Sist endret