Kart-ingeniør
Bjørnafjorden kommune
- Frist 4.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Bjørnafjorden kommune søkjer kart-ingeniør
Bli med på laget og skap framtida sine løysingar i ein kommune i vekst!
Bjørnafjorden kommune søkjer etter ein fleksibel og engasjert kart-ingeniør. Som del av eininga Samferdsle og VA, får du jobbe med spennande prosjekt knytte til kart og geodata. Dette gjev deg høve til fagleg og personleg utvikling. Stillinga rapporterer til fagleiar VA. Oppmøtestad er for tida i Industrivegen 96 i Os.
ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER
Som kart-ingeniør i Bjørnafjorden kommune vil du ha ei sentral rolle i arbeidet med registrering, innteikning og kontroll av eksisterande og nye VA-anlegg. Du vil utvikle og vedlikehalde kartdata samt bidra til vidareutvikling av kommunen sine kartløysningar. Vidare vil du jobbe med ulike typar kartdata, inkludert geografiske informasjonssystem (GIS).
Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere
- saksbehandling og forvaltningsoppgåver knytte til VA
- innhenting av opplysningar frå arkiv for innteikning i kartbase
- føring av etterkontroll ute
- kvalitetsheving av data i samband med VA-modellar
- anna relevant arbeid innanfor eininga Samferdsle og VA etter behov
DIN PROFIL
Me ser etter deg som er interessert i ingeniørfaget og ynskjer å bidra til kommunen si utvikling. Det er ein fordel om du har erfaring innan landmåling eller VA, men nyutdanna er velkomne til å søkje.
Vidare ser vi for oss at du
- har høgare utdanning innan landmåling eller VA, relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- har erfaring med bruk av GPS, totalstasjon og anna relevant geofagleg programvare
- har kjennskap til gjeldande lovar og forskriftar
- er strukturert og fleksibel
- har god gjennomføringsevne
- har gode samarbeidsevner samtidig som du trivst med å arbeide sjølvstendig
- beherskar norsk både munnleg og skriftleg
- har førarkort klasse B
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i vurderinga.
KVIFOR BJØRNAFJORDEN KOMMUNE?
Hos oss får du
- ein variert og hektisk kvardag i ein kommune i vekst
- fagleg spennande oppgåver i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- løn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- fleksitidsordning
Søknadsfrist: 4. desember – Søknadar vurderast fortløpande.
YNSKJER DU MEIR INFORMASJON OM STILLINGA?
Kontakt vår rekrutteringspartner HAMNØY AS ved rådgjevarane
- Marit Ecklo Brevik, tlf. 907 24 333
- Melina Birkeland, tlf. 905 40 499
- Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056
Registrer søknad og CV snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål.
Oppstart etter avtale.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Oppmåling og kartlegging, Rør/struktur, Vann- og miljøteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Vann, Avløp, Saksbehandling, Forvaltning, GIS
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379472991
- Sist endret