Voss sjukehus søkjer sjukepleiarar til 100% faste stillingar
Helse Bergen
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiarar ved Voss sjukehus. Fast stilling frå sommaren 2025 eller etter avtale
Voss sjukehus treng dyktige og engasjerte sjukepleiarar
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
Besøk vår heimeside for å lese meir om oss: Voss sjukehus.
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Vi har ledige faste stillingar ved desse einingane:
* Medisinsk sengepost
* Kirurgisk/ortopedisk sengepost
Oppgje i søknad kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkjefølge. Oppstart i stillingane vil vere frå sommaren etter avtale med den einskilde eininga. Du må pårekne å jobbe samanhengande i 4-6 veker perioden vekene 26-34.
Arbeidsoppgåver
Medisinsk sengepost er lokalisert under Medisinsk avdeling, og har heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, innan til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft. Arbeid i 3-delt turnus, kvar 3. helg.
Kirurgisk og ortopedisk sengepost er ein heildøgnspost med pasientar innanfor fagområda gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi. Posten har elektiv drift med planlagde operasjonar kombinert med øyeblikkeleg hjelp innleggingar. I tillegg har ein open kontakt funksjon og kompetanse på palliasjon og kreftomsorg. smertelindring,. Sengeposten er ein del av ei aktiv og tverrfagleg kirurgisk avdeling med stabilt personale, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse.
Arbeid i 3-delt turnus, kvar 3. helg.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver:
- Medikamenthandtering
- Yte omsorg for pasient og pårørande
- Observasjon og oppfølging av inneliggande pasientar
- Kontakt med pasient og pårørande
- Teamarbeid med andre yrkesgrupper for beste pasientbehandling
Du må :
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ha erfaring som sjukepleiar
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
Vi søkjer deg som:
- Bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Likar å vere fagleg oppdatert, og har pasienten i fokus
- Er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og tek ansvar
- Er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og liker å jobbe i tverrfaglege team
- Tilpassar deg, har organisasjonsforståing og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
Vi tilbyr deg:
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5700 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, sjukepleiar, voss, Kirurgisk avdeling, Medisinsk avdeling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379483201
- Sist endret