Avdelingsingeniør - dataforvaltning
Ålesund Kommune
- Frist 25.11.2024
- Ansettelsesform Engasjement
Kommunalområde Organisasjon, Teknologi og innovasjon
Ålesund kommune har målsetjingar om auka digitalisering og arbeide på smartare måter på tvers av kommunalområda. For å jobbe med desse målsetningane er det starta opp ulike digitaliseringsarbeid innan, men også på tvers av kommunegrensene i regionen.
Verksemd Teknologi og innovasjon sitter med kjernekompetanse knytt til digitalisering og utvikling, og støttar dei kommunale fagområda i deira utviklingsarbeid. I verksemda ligg den IKT-delen av det regionale IKT og digitaliseringssamarbeidet eKommune Sunnmøre, arbeidet opp mot samarbeidet Digi Møre og Romsdal og arbeid med ulike FoU-prosjekt. For å utvikle oss vidare i arbeidet med handtering av data og bruk av data i drifta av kommunen, henter vi inn kompetanse som kan bistå fagområda med dette.
Oppgåvene til stillinga ligg innleiingsvis hos verksemd Vatn og Avløp i kommunalområde Samfunn. Bedre bruk av data er viktig for gjere drifta vår meir berekraftig, effektiv og sikker. Stillinga er viktig for å nå digitaliseringsmåla til kommunen, og for å utvikle, implementere og systematisere arbeidet med å anvende data i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er:
- bidra til arbeidet med forvaltning av data i kommunens dataforvaltningsplatform og andre interne og eksterne databasar,
- bidra med vedlikehald og oppsett av API mot kommunens løysningar for databasar og kontrollsystem,
- utforme skjermbilete for visning av data innan eksisterande verktøy,
- delta i prosessen for vidareutvikling av kommunens dataforvaltningsplatform(er), og
- samarbeid og kommunikasjon i kommuna, og med eksterne interessentar og leverandørar.
Vi søker etter kandidatar med dei følgande kvalifikasjonane:
- relevant høgare utdanning, som til dømes ingeniørfag, informatikk eller statistikk,
- erfaring og god kunnskap i bruk av system for databasehåndtering,
- programmering for python-baserte plattformer og anna relevant programmeringsspråk,
- bakgrunn frå kartdata og forståelse av vann og avløpssystemer, samt tidlegare erfaring med kommunale fagsystemer er en fordel,
- kjennskap til plattformer som Azure og AWS, og
- kjennskap til KI og analytiske verktøy for behandling av data og optimalisering.
For å lykkes i stillinga bør du:
- vere utviklingsorientert, målretta og strukturert
- ha høgt fagleg engasjement
- evne å sette deg inn i ulike fagområde og sjå korleis dei kan anvende data for å forbetre prosessane
- evne å tilegne deg nye kunnskap og nye ferdigheter i eit fagfelt under rask utvikling
Et fleirfaglig arbeidsmiljø med arbeidsoppgaver knytta til utvikling og optimalisering av kommunens data for framtida.
Stillinga er eit eitt-års engasjement der arbeidet er knytt til verksemd Vatn og Avløp sine behov. Om det kommunen har behov og finansiering for stillinga utover dette året, vil det vere moglegheit for forelnga engasjement eller fast tilsetjing.
Om arbeidsgiveren
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nøkkelord
ai/maskinlæring, database, kybernetikk, dataforvaltning, kunstig intelligens
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379518585
- Sist endret