Assisterande fylkesmiljøvernsjef/nestleiar
Statsforvalteren i Rogaland
- Frist 26.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Assisterande fylkesmiljøvernsjef/nestleiar
Om stillinga
Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Rogaland er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Avdelinga arbeider med naturvern, naturforvaltning, forureining, uttalar til energilovsaker og regionale og kommunale planar etter plan- og bygningslova. Statsforvaltaren i Rogaland skal gjennom dialog og skriftlege uttalar, formidle styringssignal og nasjonale forventningar til kommunale og fylkeskommunale planar. Avdelinga skal samordne Statsforvaltaren sine uttalar med andre statlege regionale instansar.
Statsforvaltaren i Rogaland har nå ledig stilling som assisterande fylkesmiljøvernsjef/nestleiar.
Arbeidsoppgåver
Som assisterande fylkesmiljøvernsjef er du nestleiar og har medansvar for ei avdeling med 33 engasjerte medarbeidarar med stort engasjement for miljø, natur, klima og plan. Desse er inndelt i to fagområde med kvar sin fagleiar, fagområde natur og fagområde forureining.
Arbeidsoppåver:
- nestleiaransvar i miljøvernavdelinga, som inneber medansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga saman med fylkesmiljøvernsjefen
- økonomi- og resultatansvar og ansvar for verksemdplanlegging og risikostyring
- bidra til god samordning internt i miljøvernavdelinga og mot andre avdelingar i embetet
- ha det overordna blikket på at nasjonal og regionalt viktige naturverdiar blir ivareteke i sakshandsaming av forureining, naturforvaltning og plansaker
- rettleie kommunane i Rogaland og publikum
Kvalifikasjonskrav
Du er ein dyktig leiar som har
- relevant utdanning på mastergradsnivå. Utdanning på lågare nivå kan kompenserast med relevant leiarerfaring
- gode leiareigenskapar og leiarerfaring frå offentleg eller privat sektor
- kunnskap om delar av fagfeltet til avdelinga
- evne til å prioritere ressursbruk
Personlege eigenskapar:
- evne til å utvikle og motivere kunnskapsmedarbeidarar
- gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
- god arbeidskapasitet og evne til å jobbe strukturert og nøyaktig
- gode formidlingsevner
Vi legg vekt på at den vi ser etter, skal vere personleg eigna til stillinga.
Du må kunne sikkerheitsklarerast.
Vi tilbyr
- lønn som assisterende direktør, kr 870 000 - 970 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
- moglegheit for å påverke samfunnsutviklinga i ein spennande region
- ordna og fleksible arbeidsforhold og statleg avtaleverk
- god pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
- eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg standard
- HjemJobbHjem-ordning
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Andre opplysningar
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrivne i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket. Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Lagårdsveien 44, 4001 Stavanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Geologi/Fysikk/Kjemi, Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379981706
- Sist endret