Fagleiar Vatn, Avlaup og Veg - 2-årig vikariat
Bykle
- Frist 21.11.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Fagleiar Vatn, Avlaup og Veg. 2-årig vikariat
Vil du vere med på laget?
Teknisk drift- og eigedom søkjer etter ein Fagleiar for vatn, avlaup og veg i 100 % stilling i 2-årig vikariat.
Eining for teknisk drift og eigedom har ansvar for drift og vedlikehald av dei kommunale formålsbygga, idretts- og parkanlegg, kommunale bustadar, VA-anlegg, veganlegg og reinhald. Det jobbar om lag 30 personer i eininga med høg kompetanse innan fleire fag.
Eininga er delt inn i tre fagområder (Bygg og eigedom/VA og veg/Reinhald) med kvar sin fagleiar.
Fagleiar for VA og veg vil ha det faglege ansvaret for dei kommunale vass og avlaupsanlegga og dei kommunale vegane. Med på laget er fire dyktige driftsoperatørar.
Dei kommunale VA-anlegga består av eit vassverk og eit renseanlegg som betjener Byklebygda og eit vassverk og eit renseanlegg som betjener Hovden og Midtregionen.
Anlegga, spesielt dei på Hovden, er grunna antallet fritidsbustadar i kommunen relativt store og avanserte. Vassverket på Hovden er heilt nytt.
Det fører til at ein ligger langt framme på digitale verktøy og digitale løysingar.
Stillinga er spennande og variert. Vi søkjer primært etter ein person med erfaring innan arbeid med Vatn og avlaup. Det er ønskjeleg med høgskule/fagskule innan fagområde relevant for Vatn og Avlaup. Anna dokumentert erfaring kan kompensere for dette.
Arbeidsoppgaver
- Leie og koordinere arbeid med drift og forvaltning av kommunale vass, avlaups og veganlegg.
- Bidra med kontrahering av firma til å utføre arbeid innan fagområda
- Fagleg ansvar for kommunale vass, avlaups og veganlegg. Dette inneberer mellom anna:
Utarbeide FDV-planar
Ansvarleg for internkontroll
Ansvarleg for innkjøp og vedlikehald
Oppfølgjing av drifts- og vedlikehaldsavtalar
HMS-ansvarleg for fagområda
Kontroll og attestasjon av faktura for kjøp av tenester/varer
- Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver. Det blir utarbeidd stillingsomtale.
Kvalifikasjoner
- Høgskule/fagskule
- Erfaring innan fagområda er ønskeleg
- Må kunne nytte dataverktøy, og ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Leiaregenskapar. Vilje og evne til å ha fagleg oppfølgjing av tilsette.
- Den som blir tilsett må vere serviceinnstilt, kunne arbeidet sjølvstendig, ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid og kunne arbeide i team.
- Førarkort klasse B
Personlige egenskaper
- Serviceinnstilt, fleksibel og ansvarsfull
- Målretta, systematisk, og løysingsorientert
- Sjølvgåande, engasjert og beslutningslojal
- Evne og vilje til teamarbeid
- Gode evner til kommunikasjon og til å skape gode relasjonar
- Har bevist forhald til helse, miljø og tryggleik
- Personlege eigenskapar vektleggjas på lik linje med kvalifikasjoner.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige vilkår
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Bedriftshelseteneste
- Fleksitid og gode pensjons og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle etter eiget reglement
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand
- Barnehageplass og SFO frå dag éin i kommunen
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn i Webcruiter. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Namnet på søkjarar blir vanlegvis offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit. Då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Hartevatn Industriområde 12, 4755 Hovden i Setesdal
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Vann- og miljøteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379985226
- Sist endret