Juridisk rådgjevar 100% fast
Øygarden kommune
- Frist 02.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Barneverntenesta
Vi søkjer deg som vil jobbe i ei barnevernteneste som har høg kvalitet og fokus på utviklingsarbeid.
Er du:- engasjert i heilskapleg tenking kring barn og familiar
- fleksibel og løysingsorientert
- glad i å spele på lag og oppteken av å skape noko saman
Då treng vi deg i teamet vårt!
Vi søkjer juridisk rådgivar til:
- saksbehandling og klagebehandling iht. Lov om barnevernstjeneste
- saksbehandling av innsynskrav
- råd og rettleiing av juridiske problemstillingar til leiarar og tilsette i tenesta
- juridisk bistand i avgjersler
- internkontroll, opplæring, rutineutvikling og avvikshandtering
- arbeidsoppgåvene skal utførast innan fleksibel arbeidstid. Arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.
Juridisk rådgjevar vil ha fagleg fellesskap med kommuneadvokaten iden forstand at rettleiing blir i utgangspunktet utført av kommuneadvokaten.
Om avdelinga:
Barneverntenesta er organisert under kommunalsjef for Oppvekst, saman med skule, barnehage, helsestasjon og PPT. Barneverntenesta har 60 stillingar og er inndelt i team.
I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane, skal prege kommunen sitt samla tenestetilbod.
Kvalifikasjonar:
Må ha:- bestått juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
- arbeidsoppgåvene krev godt judisium og juridisk innsikt
- gyldig politiattest ved tiltreding
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- førarkort kl. B
- relevant erfaring frå barnevern eller annan relevant erfaring frå forvaltning
- grunnleggande IKT-kompetanse
- du er nøyaktig og kvalitetsbevisst
- du har høg grad av respekt for menneske i vanskelege livssituasjonar
- du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- du toler høgt arbeidspress og arbeid etter lovpålagte fristar
- du evner å kunne jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i team
- det vert lagt avgjerande vekt på kven du er som person og korleis du passer inn i personalgruppa vår
Vi tilbyr:
- tett rettleiing frå kommuneadvokat
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- fleksitidsordning
- motiverte og kunnskapsrike kollegaer i eit godt fagmiljø
- interessante utfordringar
- høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Hege Gundersen tlf.: 934 84 846, evt.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom dette ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Jurist, Rådgivning
Nøkkelord
jurist, rådgiver, rådgjevar, barnevern
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379992872
- Sist endret