Veterinær
Mattilsynet
- Frist 25.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Veterinær
Veterinærar i slakteritilsyn gjer ein forskjell både innan dyrevelferd og mattryggleik. Vil du bli med på dette viktige arbeidet?
Mattilsynet er opptatt av å sjå matproduksjonen frå start til slutt, frå jord til bord, det såkalla heilkjedeperspektivet. Tilsyn med slakteri er svært sentralt i denne heilkjedetanken. Det omfattar blant anna tilsyn med dyretransport, dyrevelferd og dyrehelse hos levande dyr på slakteriet, hygieniske forhold under slakting og nedskjæring og vurdering av patologiske endringar på slaktet. Den store bredda i fagområdet gjer at arbeidet er spennande og utfordrande.
Avdeling Sunnhordland og Haugalandet, seksjon slakteritilsyn, mat og planter søkjer etter ein veterinær. Medarbeidarane i seksjonen gjennomfører kjøttkontroll og tilsyn med mattryggleik og dyrevelferd på to landdyrslakteri, kjøttkontroll og tilsyn med mattryggleik ved viltslakteri. I dag består slakteritilsynet av 11 medarbeidare som rullerer mellom anlegga. Landdyrslakteria slaktar storfe, småfe og svin og viltslakteriet slaktar hjortevilt.
Mattilsynet er midt i ein organisasjonsutviklingsprosess med omlegging frå ein regionstruktur til tilsynsdivisjonar. Denne modellen dyrkar i større grad ein brukerretta inndeling, og legg vekt på faglege og ressursmessige synergiar. Ny organisering legg betre til rette for samhandling med interessentar og behovet til brukarane, og bidrar til ein meir strategisk utvikling av den offentlege kontrollen innanfor dei ulike tilsynsområda. Mattilsynet skal ved ny organisering bestå av eit hovudkontor/direktorat og eit operativt tilsyn som vil vere inndelt i fire fagorganiserte divisjonar istadenfor dagens organisering med hovudkontor og fem geografiske regionar. Tilsynsdivisjonane blir igjen delt opp i avdelingar. Den nye organisasjonen skal vere operativ frå 01.mai 2025.
Arbeidsoppgåver
- Kjøtkontroll ved våre to landdyrslakteri, samt kjøtkontroll ved viltbehandlingsanlegg.
- Kontroll av levende dyr på fjøset og kontroll av skrottar på slaktelinja.
- Tilsyn og sakshandsaming, herunder tilsyn med hygiene, transport av dyr og metodar for bedøving og avliving. Tilsyn i tilhørande hengehall, kjølerom og nedskjering av kjøt. Prøvetaking og etterfølgjande sakshandsaming.
- Kommunikasjon og rettleiing til næring og bonde.
- Mattilsynet er ein beredskapsorganisasjon, ved ei hending kan du få andre oppgåver.
- I sesongslakting på høsten må ein rekna med overtid.
- Det vil vere både fysisk arbeid og kontorarbeid.
- Endringar i arbeidsoppgåver kan skje ut i fra regionens/avdelingens/seksjonens samla behov.
Kvalifikasjonar
- Du er veterinær og har norsk autorisasjon. Det er ein fordel om du har godkjenning som offentleg veterinær. Opplæring vil bli gitt.
- Erfaring innen tilsynsarbeid og offentleg forvaltning er ein fordel, men ikkje ein forutsetning.
- Du må snakke og skrive flytande norsk.
- Du har førerkort i klasse B.
Personlege eigenskapar
- Motivasjon for å jobbe innen slakteritilsyn og kjøtkontroll
- Du liker å jobbe i ei faggruppe og har gode samarbeidsevnar, men må også kunne jobbe sjølvstendig.
- Du er fleksibel, engasjert og kommuniserer klart og tydeleg.
- Du er løsningsorientert og har evne til å prioritere, samt å følge prioriteringar.
- God forståelse av tilsynsrollen.
- Du kan jobbe effektivt og nøyaktig, samt å handtere ein hektisk arbeidskvardag med ulike arbeidstider.
- Du bidrar til et positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Fast stilling som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med løn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida fra kr. 630.000 til kr. 730.000 (ca. ltr. 64 – 72) for tilsvarande stillingar i Mattilsynet. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert.
- Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- Arbeid med eit spanande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
- Ordna arbeidsforhold med betalt overtid
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar.
Når du sender inn søknad, ber vi om at du legg inn vitnemål og attest som vedlegg.
Om arbeidsgiveren
Mattilsynet skal bidra til å sikre folk trygg mat og trygt drikkevatn, og trygg og miljøvennleg matproduksjon. Tilsynet skal også bidra til å fremme god helse hos planter, fisk og dyr, og god dyrevelferd og respekt for dyr. Mattilsynet er eit sjølvstendig statleg tilsynsorgan som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Mattilsynet har om lag 1250 tilsette og er organisert med eit direktorat og fem regionar. Regionane utfører tilsyn gjennom å vere til stades rundt om i landet. Les meir her: www.mattilsynet.no
Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein enda betre måte. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hjå oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Vi brukar berre avkryssingane til å velje ut riktige kandidatar og til anonymisert statistikk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5580 Ølen
- Bransje: Annet, Dyr og dyrehelse
- Stillingsfunksjon: Veterinær og dyrepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
dyrevelferd, slakteritilsyn, dyrehelse, mattrygghet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380041764
- Sist endret