Dagleg Leiar
Opplæringskontoret for hotell- og matfag Sogn og Fjordane
- Frist 22.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du drive med kreativ opplæring innan hotell og matfag?
Styret i opplæringskontoret skal no tilsette ny dagleg leiar då noverande skal gå av med pensjon våren/sommaren 2025.
Arbeidsoppgåver:
- Følge lærlingar frå dei går ut av vidaregåande skule til dei skal gjennomføre fag-, sveine-, eller kompetanseprøve.
- Rettleiing i samarbeid med lærebedrifter.
- Planlegge og gjennomføre teoretiske og praktiske kurs
- Rekruttering av lærlingar og lærebedrifter.
- Rekruttering til faget i samarbeid med skule.
- Tilrettelegge ekstra oppfølging av lærekandidatar.
- Formidle ledige læreplasser til potensielle kandidatar.
- Mellomledd mellom Fylkeskommunen og lærebedrift.
- Behjelpeleg med lærlingkonkurransar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar vi ynskjer:
- Eitt relevant fagbrev / sveinebrev som opplæringskontoret tilbyr.
- God formidlingsevne og gjerne erfaring innan både digital plattform og klassisk undervisningsmodell.
- God økonomisk forståing
- Trivast saman med ungdom og kan vere ein god, motiverande rollemodell.
- Nettverksbygging i faget og bransjen, lokalt og nasjonalt med bedrifter og andre samarbeidsorgan.
- Sjølvstendig i arbeidsdagen
Hos oss får du:
- Fridom til å strukturere og planlegge eigen arbeidskvardag.
- Kontor saman med andre opplæringskontor i Førde.
- Fleksibel arbeidstid.
- Reise i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord for å følge opp lærlingar.
- Løn etter avtale i fast 100% stilling.
- Arrangere studieturar og utveksling for lærlingar med samarbeidsskule i La Rochelle, Frankrike. (Erasmus+)
Stillinga inneber ein del reiseaktivitet.
Tilsetjing våren 2025.
Om arbeidsgiveren
Opplæringskontoret er eigd og drivast av medlemsbedrifter i dei ulike bransjane innan hotell og matfag. Medlemsbedrifter tilbyr i dag: kokkefag, servitørfag, bakarfag, konditorfag, ernæringskokk, resepsjonsfag og reiselivsfaget. I tillegg kan OKHM teikne samarbeid for alle næringsmiddelfag.
-------
Send søknad og relevant dokumentasjon til thomas.smaadal@hotmail.com
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande, då gjerne på Teams i førsteomgong.
Styret og dagleg leiar ser fram til å høyre frå deg dersom du meinar du er riktig person til denne spennande rolla som skal skape framtidas fagarbeider innan mat og reiseliv i Sogn og Fjordane.
- Sektor: Privat
- Sted: Firdavegen 6, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Hotell og overnatting, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kurs og opplæring
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380097318
- Sist endret