Direktør HR og organisasjon
Nav Vestland
- Frist 26.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du på jakt etter ei nøkkelrolle i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag?
I Nav Vestland får du meiningsfylte og utfordrande arbeidsoppgåver innan eit høgt prioritert samfunnsområde. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med aktive og engasjerte medarbeidarar.
Vi ser etter ein engasjert og handlekraftig direktør som vil få ansvaret for HR, organisasjon og innovasjon.
Direktør for HR og organisasjon leier ei avdeling som skal styrke satsinga på HR og innovasjon og vere med på å utvikle både leiarar og medarbeidarar i organisasjonen. Avdelinga har sterke fagområde med høgt kompetente medarbeidarar innan HR, HMT, leiarutvikling og innovasjon. Du vil spele ei nøkkelrolle i å sikre at Nav Vestland held fram med å vere attraktiv arbeidsplass, vere ei drivkraft for innovasjon og utvikling og leie arbeidet med systematisk kompetanseutvikling i ein lærande organisasjon.
Det er viktig at du blir motivert av Nav sitt samfunnsoppdrag. Hos oss får du utfordrande arbeidsoppgåver i eit høgt tempo, og eit fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi kan love innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i ein organisasjon som aldri står stille.
Stillinga rapporterer til fylkesdirektør og blir ein del av ei dyktig og engasjert leiargruppe i Nav Vestland.
Sentrale ansvarsområder og arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for å utvikle Nav Vestland innan HR, leiarutvikling, innovasjon og HMT
- Bidra til eit godt partssamarbeid og medbestemming på fylkesnivå
- Utvikle arbeidet med rekruttering, inkludering og Nav sitt omdøme som arbeidsgivar
- Sørge for strategisk kompetanseutvikling i Nav Vestland
- Ansvar for lønsforhandlingar
- Bidra til å utvikle samarbeidet mellom avdelingane på fylkeskontoret
- Samarbeid med leiarar i dei ni regionane i Nav Vestland
Kvalifikasjonar
For å lykkast som direktør for HR og organisasjon i Nav Vestland, må du ha fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet. Vidare treng du erfaring som leiar med personal- og budsjettansvar samt strategisk og operativt HR-arbeid. Du må også ha erfaring frå samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta, og god forståing av leiing i staten og Nav sitt samfunnsoppdrag. God framstillingsevne både skriftleg og munnleg er avgjerande.
Det er ønskeleg med tilleggsutdanning innan leiing, samt god kjennskap til offentleg forvaltning og velferdstenester. Erfaring frå lønsforhandlingar og forståing for digitalisering og utvikling av framtidsretta tenester er også ein fordel. Kjennskap til LEAN som arbeidsmetodikk kan vere nyttig å ha med seg i denne stillinga.
Kva vi ser etter hos deg?
Som leiar i Nav jobbar du tillitsbasert med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Under utøving av tillitsbasert leiing er det viktig å bygge tillit og sjå potensialet i de tilsette. Evne til å bygge gode relasjonar og samarbeid på tvers i organisasjonen er særleg sentrale eigenskapar i denne rolla.
Som vår nye direktør for HR og organisasjon treng du både gode strategiske evner og operativ gjennomføringsevne, og du bidreg til gode løysingar på komplekse problemstillingar. Som person kommuniserer du tydeleg og har evne til å engasjere og inspirere andre.
I tillegg ser vi etter ein leiar med god teknologiforståing, stor arbeidskapasitet som kan drive endrings- og forbetringsarbeid.
Nav Vestland tilbyr
Nav tilbyr tilsetting i stillingskode 1060 avdelingsdirektør med lønsspenn frå kr. 919 200 til kr. 1 078 60 per år (tilsvarande ltr. 82 - 88).
For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. Vi har god låneordning, forsikringar og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
Vi ser frem til å høyre frå deg!
Om du har spørsmål til stillinga, ta gjerne kontakt med MU ved Gro Reinertsen, tlf. 975 59 058, Therese Skjold Jensen, tlf. 924 10 485 eller Ragnhild Rabbe Sandven, tlf. 941 21 369.
Vis interesse for stillinga ved å laste opp din CV og søknad snarast, og seinast innan 26. november 2024 via Jobbnorge. Alle førespurnader til MU blir behandla konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgivar.
Andre opplysningar
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester. Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit. Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
Om arbeidsgiveren
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 45 tilsette fordelt på fire avdelingar; HR og organisasjon, partnarskap og kommunikasjon, fag og tenester og økonomi og analyse.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Direktør
- Sted: C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HMS, HR, personal og rekruttering, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ledelse, HR, Organisasjon, Utvikling, Forhandlinger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380132438
- Sist endret