Kunderådgiver finansiering, Molde/Ålesund
Innovasjon Norge
- Frist 1.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du utdanna innan økonomi og klar for neste steg?
I Innovasjon Norge jobbar vi for at Noreg skal få fleire gode gründerar, vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø. Dette gjer vi mellom anna ved å gi bedrifter tilskot og lån, slik at dei kan realisere draumane og ambisjonane sine.
Vi jobbar for berekraftig vekst og eksport – regionalt, nasjonalt og globalt. Vi står sentralt i at norsk næringsliv kan bidra til å løyse samfunnsutfordringar som verda står ovanfor.
Samfunnsoppdraget vårt vil bli sentralt i din arbeidskvardag, samtidig som du får jobbe med dei mest spennande bedriftene i Møre og Romsdal. Stillinga vil gi deg store moglegheiter for vekst og utvikling.
Jobben din vil vere å:
- behandle søknader frå bedrifter om lån og tilskot, som mellom anna går ut på å vere ein sparringspartnar og definere behov, gi faglege råd og finne gode finansieringsløysingar
- bistå med vår breidde av finansieringstenester
- bidra med rådgiving innan forretningsutvikling, nettverk og berekraftsrisiko
- følgje opp og utvikle eigen portefølje med kundar
Du vil få jobbe med store og interessante prosjekt, og får samarbeide med dyktige medarbeidarar regionalt og nasjonalt i Innovasjon Norge, i tillegg til kommersielle bankar og øvrige aktørar i det regionale økosystemet.
Du har relevant utdanning, f.eks. innan økonomi, finans, industriell økonomi e.l. Du har gjerne noko relevant arbeidserfaring gjennom eit par år i jobb etter utdanninga.
Vi vil tilrettelegge for læring og utvikling, men det er viktig for oss at du har eit fagleg fundament som kan byggast vidare på, og at ansvaret for eigen læring og utvikling fell deg naturleg.
Som person har du eit stort engasjement for finansiering, strategi og økonomi. Du er analytisk, og kjem raskt til kjernen av saker og problemstillingar.
Vi har stort fokus på teamarbeid internt, og det er derfor viktig for oss at du opplever samarbeid som verdifullt. Du blir motivert av å oppnå resultat og har ei strukturert arbeidsform.
Til slutt: kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i Innovasjon Norge sitt samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er sett av til kompetanseutvikling. I tillegg har vi ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg.
Du kan ha arbeidsstad i Ålesund eller Molde, og vi har sjølvsagt moglegheit for delvis heimekontor. Du må rekne med noko reising i regionen. Du må kunne snakke og skrive godt på norsk og engelsk.
Send oss din CV og nokre ord om kvifor du er rett person for jobben og kva som motiverer deg mest - innan 1. desember.
(Kontakt oss gjerne for ein uformell prat eller kom innom for ein kaffi – avdelingsleiar Mari Klokk Leite, tlf. 947 86 452/ mari.klokk.leite@innovasjonnorge.no)
Innovasjon Norge ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, perspektiv, alder, kjønn og livserfaringar. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere.
Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristen sitt utløp, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjorde offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeve oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få høve til å trekke søknaden.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skansekaia 4b, 6002 Ålesund
- Flere arbeidssteder: JULSUNDVEGEN 4, 6412 Molde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Analyse, Forretningsutvikling og strategi, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
innovasjon, økonomi, finans, bank, rådgiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380138375
- Sist endret