Rådgjevar reiseliv
Innovasjon Norge
- Frist 1.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår neste spesialist på reiselivsnæringa i Vestland?
Reiseliv er eitt av Innovasjon Norges fem satsingsområde. Vi ser no etter vår nye dedikerte rådgjevar på reiseliv i Vestland – Noregs største reiselivsfylke.
Du vil bli ein av Innovasjon Norge sine spesialistar på feltet, med ansvar for å utvikle og styrke reiselivsnæringa regionalt, og bidra inn i det viktige arbeidet som våre dyktige rådgjevarar gjer nasjonalt.
Du vil jobbe med strategisk utvikling av Vestland som reisemål, som blant anna inkluderer tett samarbeid med kollegaer som jobbar i ulike regionar i Noreg samt med reiselivsnæringa, fylket og oppdragsgjevar.
Arbeidsområde:
- Delta i kundeaktivitetar og sparre med kundar i prosjekt
- Informere om våre produkt og tenester, og aktivt rekruttere deltakarar til våre aktivitetar
- Vurdere og handsame innkomande søknader på lån og tilskot, samt svare på generelle kundespørsmål på e-post og telefon
- Jobbe med utvikling og gjennomføring av kompetanseprogram og temabaserte satsingar (td Merket for Bærekraftig reisemål)
- Representere Innovasjon Norge på eksterne arenaer, inkludert foredrag og innlegg og liknande
Din bakgrunn er frå reiselivet, og gjerne med brei kjennskap til omgjevnadane næringa opererer i - du har kanskje erfaring med verkemiddelapparatet, forstår drivkreftene i bransjen som skapar gode resultat og veit korleis det er å sitje på andre sida av bordet i møte med Innovasjon Norge. Du har gjerne relevant utdanning, men det er din totale kompetanse som blir vektlagt.
Du har eit stort engasjement for kundekontakt, og trivast i rolla som sparringspartnar; kva er behovet eller ideen til kunden? Kva er naturleg steg for kunden vidare? I denne delen av rolla er det essensielt med gode analytiske ferdigheiter.
Du blir motivert av ansvar, evner å drive arbeidet ditt framover, og trivst i ei nettverksbyggande rolle som krev robustheit i til dømes faglege fora. Du må kunne snakke og skrive godt på norsk og engelsk.
Til slutt: kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i Innovasjon Norges samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er satt av til kompetanseutvikling. I tillegg har vi ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg.
Søknadsfrist: 1. desember
Kontaktperson for stillinga er avdelingsleiar Sigrid Alice Hovland, tlf. 970 89 411.
Innovasjon Norge ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, perspektiv, alder, kjønn og livserfaringar. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere.
Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristen er ute, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeven oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få moglegheit til å trekkje søknaden.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Trolladalen 30, 6856 Sogndal
- Flere arbeidssteder: LARS HILLES GATE 30, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bank, finans og forsikring, PR, informasjon og kommunikasjon, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Markedsfører, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
innovasjon, reiseliv, turisme, visit, kommunikasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380155791
- Sist endret