Teknisk innkjøpar
Lingalaks AS
- Frist 1.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Teknisk innkjøpar søkjast til framtidsretta havbruksselskap
Er du ein teknisk interessert og framoverlent innkjøpar med teft for forretningsutvikling? Har du lyst til å vere ein sentral aktør i eit selskap som prioriterer berekraft, innovasjon og kvalitet?
Om stillinga
Som teknisk innkjøpar vil du få ei nøkkelrolle i arbeidet med å styrke innkjøpsfunksjonen vår. Du vil jobbe tett med produksjonsavdelinga og leverandørane våre for å sikre at selskapet tek strategiske og framtidsretta val. Alt for at me skal produsera fisk på best mogeleg måte.
Dette er ei rolle med store utviklingsmoglegheiter, der du vil vere med på å forme morgondagens innkjøpsprosessar og bidra til kontinuerleg forbetring i alle ledd av verdikjeda vår. Rolla rapporterer til CFO og samarbeider tett med vår senior innkjøpar, samt har kontaktflate på tvers av heile organisasjonen.
Dine hovudoppgåver:
- Utvikle og følgje opp innkjøpsavtalar og kontraktar
- Vurdere og evaluere tilbod, og forhandla fram konkurransedyktige vilkår
- Sikre at innkjøpa våre er i tråd med konsernets berekraftsmål, retningslinjer og prosedyrar
- Evaluering og oppfølging av leverandørar
- Bygge og styrke relasjonar med leverandørar
- Bidra til etterlevelse, utvikling og effektivisering av innkjøps-prosessane våre
Me søkjer deg som har:
- Teknisk interesse og kunnskap om produksjon
- Erfaring innan innkjøp, enten formelt eller gjennom arbeid
- Sterk forretningssans og gode forhandlingsevner
- Evne til å arbeide strukturert og handtere fleire prosessar samtidig
- Gode samarbeidseigenskapar, sjølvstendig og ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
- Erfaring frå produksjonsretta næringar, gjerne innan havbruk, er eit pluss
Me tilbyr deg:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit framtidsretta selskap i rask utvikling
- Ein sterk kultur med fokus på berekraft, innovasjon og kvalitet
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår, samt solid forsikrings- og pensjonsordning
- Ein arbeidsgjevar med djupe røter i lokalsamfunnet og ein visjon om å gjere ein forskjell for framtida
Er du klar til å bli ein viktig del av teamet vårt? Send søknaden din til oss innan 01.12.24 og bli med på reisa mot ein berekraftig og innovativ framtid!
Om arbeidsgiveren
Lingalaks er eit familieeigd og vestlandsbasert havbruksselskap med lang historie innan berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Me er stolte av å forvalte og utvikle ei sterk arv i havbruksnæringa, med visjonen: "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon. Føremålet vårt er å forsyne verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikre at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i."
- Sektor: Privat
- Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Industri og produksjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling, Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
havbruk, innkjøpsplanlegging, kontraktshåndtering (utstyr og material), forhandle innkjøp
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380203333
- Sist endret