Senior Business Controller
Lingalaks AS
- Frist 1.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Erfaren Senior Business Controller søkjast til framtidsretta havbruksselskap
Om stillinga
Som Senior Business Controller vil du vere sentral i økonomisk planlegging, rapportering og analyse. Du vil og ha ei brei kontaktflate på tvers av heile organisasjonen, både i høve forbetringstiltak, beslutningsstøtte og deltaking i ulike prosjekter. Rolla vil rapportere til CFO og vil få eit overordna ansvar som teamleiar for økonomiavdelinga.
Dine hovudoppgåver:
- Økonomisk rapportering, planlegging og analyse
- Fagansvar og teamleiar økonomi
- Personalansvar
- Sparringpartnar mot CFO
- Støtte og utfordre organisasjonen til å ta framtidsretta val
- Likviditetsoppfølging
- Datakvalitet og digitalisering
- Bidra til at selskapet etterlev reglar, retningslinjer og lovverk
Me søkjer deg som har:
- Økonomisk relevant utdanning
- Nokre års arbeidserfaring som Controller og gjerne vil ha auka ansvar.
- Har kompetanse innafor økonomistyring, god forretningsforståing og kan handtere fleire prosessar samtidig.
- Analytisk forståing, er forretningsorientert og initiativrik.
- Jobbar strategisk og er opptatt av å nå selskapets overordna mål.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskaper
- Erfaring frå produksjonsretta næringar, gjerne innan havbruk, er eit pluss
Me kan tilby:
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit framtidsretta selskap i rask utvikling
- Ein sterk kultur med fokus på berekraft, innovasjon og kvalitet
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår, samt solid forsikrings- og pensjonsordning
- Ein arbeidsgjevar med djupe røter i lokalsamfunnet og ein visjon om å gjere ein forskjell for framtida
- Hybrid kontorløysing - Lingalaks har kontor-lokaler i Norheimsund og Kanalveien 66 i Bergen.
Er du klar til å bli ein viktig del av teamet vårt? Send søknaden din til oss innan 01.12.24 og bli med på reisa mot ei berekraftig og innovativ framtid!
Om arbeidsgiveren
Lingalaks er eit familieeigd og vestlandsbasert havbruksselskap med lang historie innan berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Me er stolte av å forvalte og utvikle ei sterk arv i havbruksnæringa, med visjonen: "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon. Føremålet vårt er å forsyne verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikre at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i."
- Sektor: Privat
- Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Analyse, Controller, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
økonomi, ledelse, rapportering, prosjekt-arbeid, digitalisering
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380208774
- Sist endret