Bildegalleri
Rettsgrunnlag og standpunkt
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen blir sendt til deg, og du har 24 timer på deg til å inspisere den før pengene overføres til selger.
Beskrivelse av varen
Dette er ei ny og utvida utgåve av Rettsgrunnlag og standpunkt. Det er ei framstilling av moderne rettskjelde- og metodelere. Den kom i første utgåve 1999, med vinkling på privatrett. I denne nye utgåva er den vinkla også på offentleg rett og internasjonalt relatert rett. Framstillinga ser rettsspørsmåla i domstolens eller dommarens perspektiv. Utgangspunktet er den konkrete retts- konflikt i saka. Framstillinga fokuserer på rettsgrunnlaget for løysing av denne rettskonflikta. Rettsgrunnlaget kan først og fremst vera formell lov. Dersom det ikkje er krav om at retts- grunnlaget skal vera formell lov, kan rettsgrunnlaget vera ulov- fest, danna gjennom rettspraksis, rettsprinsipp eller reelle omsyn, eller sedvane. Eller rettsgrunnlaget kan vera avtale. Framstillinga viser at ulikskap i rettskjeldebiletet for dei ulike typer rettsgrunn- lag fører til variasjonar i argumentasjons- og vurderingsmønste- ret fram til standpunktet, og at standpunktet kan variera etter ulike verdipremisser.
Forfattaren har tidlegare gitt ut: Aktløysevurderinga i norsk rettspraksis, 1974; Odelsrett og ekteskap, 1976; Skade og ansvar, 1976, 1980, 1985, 1992, 2000; Skatt og skade, 1985; Årsak og bevis (medforf.), 1986; Trygderettslige emner (medforf.) 1986-1998; Bilansvar, 1990.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 12.11.2024, 20:27 ・ FINN-kode: 380245986