Seniorkonsulent
Vest politidistrikt
- Frist 01.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Seniorkonsulentar
Vest Politidistrikt, ved driftseining for utlending og forvaltning er det to ledige faste stillingar som seniorkonsulent SKO 1363. Den eine er stadsplassert ved Avsnitt for opphaldsløyve i Fyllingsdalen, og den andre er stadsplassert ved Avsnitt SUA (servicesenter for utanlandske arbeidstakarar) Bergen. Stilling ved Avsnitt for opphaldsløyve må rekna med å hjelpa passforvaltninga ved behov i høgsesong.
FUF består av fire seksjonar som samarbeider tett. Dette er Utlendingsseksjonen, Forvaltningsseksjonen, Grenseseksjonen og Utlendingskontrollseksjon. Utlendingsseksjonen er ein del av førstelinja til utlendingsforvaltninga i Noreg, og består av Avsnitt for opphaldsløyve og SUA. Me handterer kontrollert og regulert innvandring etter gjeldande lovverk. Seksjonen består for tida av 20 fast tilsette og 4 engasjement stillingar.
Spesifiser kva stilling du søkjer på, og eventuelt om du søkjer på begge stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Motta og førebu saker etter gjeldande lovverk i ekspedisjonen
- Biometri opptak, ID-kontroll og rettleing i ekspedisjon
- Sakshandsaming
- Besvare førespunader på rettleingstelefonen og epost
- Behandla inn og utgåande fysisk post
- Bistå passforvaltning i høgsesong (gjeld stilling ved Avsnitt for oppholdsløyve)
- Andre arbeidsoppgåver pålagd av leiar
Kvalifikasjonar
Nødvendig
- Minimum 3-årig utdanning på høgskule eller universitetsnivå
- Relevant arbeidserfaring blir vektlagd og kan i særskilde høve (minimum 5 år) erstatta kravet til utdanning
- Det trengast god munnleg og skriftleg framføring av begge målformer og engelsk
- God IT og systemkompetanse
- Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Ynskjeleg
- Kunnskap om utlendingslova, utlendingsforskrifta og forvaltningslova blir vektlagt
- Andre språkkunskapar er ein fordel
Personlege eigenskapar
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
- Evne til å yte god service og kontroll
- Vera engasjert, fleksibel, positiv, og omstillingsdyktig
- Kunne jobba systematisk, sjølvstendig og effektivt med stor nøyaktighet
- Evne til å setja seg raskt inn i nye fagsystem
Me tilbyr
- En utfordrende og spennende arbeidsplass for deg som vil være med på å forme fremtidens politi
- Stilling som Seniorkonsulent (stillingskode 1363), vert for tida lønna i lønnstrinn 54/kr 532.200,-. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
- Gode arbeidsbetingelser (f.eks. fleksibel arbeidstid, sommertid, trening i arbeidstiden o.l.)
Generelt
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven.
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert
statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Du kan lese meir på arbeidsgiverportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf.
Offentleglova § 25. Søkjar vert i så fall varsla på førehand.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Saks.nr: 24/238912
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Krokatjønnveien 15, 5147 Fyllingsdalen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
ekspedisjon, saksbehandling, postbehandling, forvaltning, kundeveiledning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380312461
- Sist endret