Inaktiv
Marknads- og kommunikasjonsansvarlig
Oseana Kunst og Kultursenter
- Frist 30.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søkjer etter Marknads- og kommunikasjonsansvarlig
Da vår nåværande Marknads - og kommunikasjonsansvarlig skal ut i permisjon leitar vi etter ein engasjert og initiativrik person med kremmarinstinktet i orden!
Den vi ser etter har dessutan:
- Relevant utdanning og/eller erfaring innanfor marknadsføring og sal.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Evne til å setje prioritetar, jobbe systematisk og sjølvstendig.
- God marknads- og kundeinnsikt.
- God kjennskap til ulike kommunikasjonsplattformar, og interesse for KI.
- Evne til å kommunisere forskjellig til ulike kundegrupper.
- Interesse for å knyte kontaktar og utvikle nye og eksisterande nettverk.
- Forståing for økonomi.
- God formuleringsevne, særleg på nynorsk.
Hovudoppgåva er å få fleire gjestar til Oseana ved:
- Marknadsføring av Oseana sine arrangement i nært samarbeid med programavdelinga.
- Utforme marknadsplanar i samarbeid med leiing og byrå.
- Marknadsføringsoppgåver, som t.d. bilde- og teksthandsaming, oppdatering av nettsider, løpande oppdatering av sosiale medium, og design av annonser o.l.
Stillinga kan òg innebere avvikling av kulturarrangement. Noko kvelds- og helgearbeid må ein difor rekne med. Kjennskap til kulturfeltet er ein fordel.
Vi tilbyr:
- Eit godt og kreativt kollegialt miljø.
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for sjølvstendig arbeid.
- Opplæring i databaseløysing/billettsystem ved behov.
- God pensjonsordning.
- Arbeidstid med fleksibilitet.
- Tiltreding etter avtale.
- Løn etter avtale.
Søknadsfrist 30.12.24
Vikariat - 01.05.2025 - tom 31.03.2026
Om arbeidsgiveren
Oseana Kunst- og Kultursenter vart opna i 2011 og ligg vakkert til ved Bjørnefjorden i Os sentrum. Visjonen vår er å skape ”ei verd av opplevingar” gjennom kunst, kultur, mat og natur. Senteret er eigd av Bjørnafjorden Kommune, men er skipa med eige styre og ein kyndig stab på til saman ti personar. Med 540 kvm solceller på taket bryr Oseana seg om miljøet rundt oss. Vi er miljøfyrtårn-sertifiserte, og klare mål for verksemda er sett gjennom strategiplanen vår.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Mobergsbakken 20, 5200 Os
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Markedsfører, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kulturhus, kultur, museum, museumspedagog, utstilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380345050
- Sist endret