Skipper
Vidar Hop Skyssbåter AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Skipsfører MS Namdalingen
Vidar Hop Skyssbåter AS har tradisjonar heilt tilbake til 1971 med drift av hurtigbåt. I dag drifter vi fleire hurtigbåtsamband, fergesamband og turisme frå hovudkontoret vårt i kommunesenteret på Hardbakke i Solund kommune.
Vår visjon "Et godt sted å være" er noe vi jobber for hver enetse dag, for våre ansatte, for våre kunder og for våre samarbeidspartnere.
Verdiane våre går igjen i heile selskapet og det som kjenneteiknar oss er at vi er tett på, ærlige og kvalitetsbeviste. Vi er eit framtidsretta selskap med svært gode medarbeidarar med eit høgt fokus på sikkerhet.
I denne stillinga vil ein få sin arbeidsplass ombord i heilt nye MS Namdalingen med svært gode arbeidsforhold, friordningar og buforhold i lag med gode kollegar.
Er du vår neste medarbeidar?
Vidar Hop Skyssbåter AS drifter ruta Namsos - Rørvik - Leka med hurtigbåten
MS Namdalingen og vi har nå behov for: Skipsfører
Kvalifikasjoner:
- Gyldig helseattest
- Krise og passasjerhåndtering
- Gyldig sikkerhetskurs
- Hurtigbåtkurs
- Minimum D4
- ROC
Vi tilbyr:
- Lønn ihht tariffavtale mellom Hurtigbåtenes Rederiforbund og NSOF/DNMF/NSF
- Mulig med innleie gjennom eget firma som alternativ "ansettelsesform" (etter avtale)
- Skiftordning 1 uke på - 2 uker fri
Kontakt:
Spørsmål vedrørende stillingen kan rettes til Kennet Johannessen eller post@vidarhop.no / kennet.johannessen@vidarhop.no
Søknadsfrist: snarest
Om arbeidsgiveren
Vidar Hop Skyssbåter AS er ein reiarverksemd som tilbyr skyssbåttenester, passasjerruter, charter, ferje, gods- og opplevingsturar. Selskapet har sitt hovudkontor i Solund kommune med base i Hardbakke, det pulserande kommunesenteret som ligg vakkert til midt i hjarta av havna, omkransa av det majestetiske landskapet.
Familien Hop har sidan 1971 vore engasjert i ambulansebåtverksemd i Solund kommune fram til 2023. I dag er vår fokus ikkje lenger på ambulanse, men på drift av fylkesruter med skyssbåt og ferje.
På 1990-talet starta vi med ulike skule- og bygderuter som operatør for Fjord1 før vi sjølve deltok i anbodskonkurransar innan skyssbåt og ferje, noko som blitt vår hovedvirksomhet i dag. Me driv no sju ulike fylkeskontrakter. I tillegg har etterspurnaden etter charter, opplevingsturar og utleige av fartøy auka dei siste åra, og dette har ført til etablering og oppkjøp av nye selskap innan turisme slik som Glaciertour AS med meir.
Vidar Hop Skyssbåter AS har no ein flåte på 14 båtar som opererer frå Bergen i sør til Brønnøysund i nord, med over 50 tilsette.
I 2023 vart Vidar Hop Skyssbåter AS sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift, noko som gjev oss verktøy til å betre arbeidet vårt med å minske miljøavtrykket.
I tillegg til vår maritime drift, er vi engasjert i eigedom med utleige av
næringseigedom, kontorplassar, leiligheter, båtplassar, lager og hotell. Vi har òg ei sterk forankring i lokalsamfunnet, der vi stadig arbeider med spennande prosjekt og initiativ.
Vidar Hop Skyssbåter skal være ein god stad å være både for ansatte, passasjerer og oppdragsgivere
- Sektor: Privat
- Sted: 7900 Rørvik
- Bransje: Maritim og offshore, Shipping
- Stillingsfunksjon: Dekksoffiser
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
skipper, skipsfører, hurtigbåterfaring, roc, namsos
MS Namdalingen (1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380416717
- Sist endret