Tapping av blodgivere- Immunologi og transfusjonsmedisin
Helse Fonna HF
- Frist 25.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Bli ein ekspert på blodtapping
Sjukepleiar, helsesekretær eller bioingeniør? Vi treng deg til blodtapping!
Vil du bli med på laget i topp moderne omgjevnader i det nye sjukehusbygget? Hos oss finn du ei akkreditert avdeling med høg kvalitet og kompetanse etter NS-EN ISO 15189:2012-standardane. No ser vi etter ein ny kollega som vil bli ein del av vår trivelege gjeng på ca. 20 tilsette!
Vi ser etter deg som likar å jobbe med menneske. Arbeidsoppgåvene dine vil vere å tappe blodgivarar, kalle dei inn og utføre merkantile oppgåver. Det kan òg bli aktuelt å inngå i turnus.
Hos oss vil du bli del av ein sammensveisa gjeng som legg vekt på godt humør og trivsel på jobb.
Ta kontakt dersom du lurer på noko knytta til stillinga. Vi gleder oss til å høyre frå deg!
Det blir kalt inn til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Tapping og intervju av blodgivare
- Administrera blodgivertimar
- Besvare blodgiver telefon
- Kan berekna arbeidsoppgåver på andre ansvarsområde dersom det er behov for det
- Blodprøvetaking
- Merkantile oppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør, sykepleier eller helsesekretær er ein føresetnad
- Erfaring frå tapping/prøvetaking er ein fordel, men ikkje nødvendig.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg på høgt nivå
Personlig egnethet vektleggast
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du er
- ansvarsbevisst, nøyaktig og arbeidssam
- liker å jobbe med folk
- God på å samarbeide
- har høg arbeidsmoral
- trivast i eit aktivt og travelt miljø
Desse fordelane får du hos oss:
- Ein trivelig arbeidsplass med godt miljø og inkluderande kollegaer.
- Varierte arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktig pensjonsordning.
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør, Helsepersonell, Helsesekretær
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, sykepleier, helsesekretær, transfusjon, immunologi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380470743
- Sist endret